Vassrelaterte konfliktar aukar: – Noreg har eit viktig ansvar
Antalet vass-relaterte konfliktar er nesten firedobla sidan 2020, og fleire stader i verda blir vatn nytta som våpen.

Thea Emilie Maubach-Vindenes, leiar i Changemaker. Foto: Anneli Lindahl
– I det daglege trur eg få tenkjer på at vatn er så viktig som det er. Men med ein gong vi manglar vatn, så merkar vi at det påverkar ein stor del av livet og infrastrukturen i samfunnet.
Det seier Thea Emilie Maubach-Vindenes, leiar i Changemaker, til Framtida.no på telefon.
Etter ein rekordvarm sommar er fleire elver i Europa i ferd med å tørke ut. Over heile verda har skogbrannar herja.
FNs klimapanel anslår at konsekvensane av klimaendringane i stor grad vil ramme tilgangen på vatn. Parallelt ser ein at antallet vassrelaterte krigar og konfliktar aukar.
Utsett ressurs
Antalet vass-relaterte konfliktar er nesten firedobla sidan 2020, og i fjor slo UNICEF fast at eitt av fire menneske i verda då mangla trygt drikkevatn.
– Det er konfliktar som direkte omhandlar tilgang på vatn, fordi det er lite av det. Men vi ser jo òg at det får konsekvensar for sivilbefolkninga i konfliktar som ikkje i utgangspunktet er vassrelaterte, seier Maubach-Vindenes.
Blant dei landa som er råka, finn vi land som Ukraina, Palestina og Sudan.
Ukraina
I Ukraina har krigen med Russland ført til at kritisk infrastruktur har blitt skada eller øydelagd.
– Å nytte vatn som våpen, er ikkje lov, ifølge internasjonal lov. Men likevel ser vi at det skjer, mellom anna i Ukraina. Folk blir nekta tilgang til vasskjelder, og desse blir forureina eller øydelagde, seier Changemaker-leiaren.
– Det har sjølvsagt ein innverknad på korleis det er å vere sivilbefolkning i landet.
Sprenginga av Kakhovka-demninga er eitt av dei største av fleire eksempel på at vatn blir nytta som våpen. Som følgje av sprenginga har store område blitt øydelagde og forureina. 10 millionar står i dag utan trygt vatn i Ukraina, i det som blir samanlikna med eit skadeomfang på line med Chernobyl-ulykka.

Slik såg Kakhovka-demninga ut etter den blei øydelagd av russiske eksplosiv. Foto: AP Photo, File
Palestina
I Palestina har Israel avgrensa tilgangen til vatn sidan 1967, og allereie før angrepa 7. oktober var 90 til 95 prosent av Gaza sine vasskjelder forureina, skriv Amnesty.
I dag er om lag 90 % av infrastrukturen til vatn og sanitet i Gaza skada eller øydelagd av israelske angrep, ifølge UNICEF. Ni av ti familiar slit med å få tak i vatn.
På grunn av avgrensa tilgang på vatn har innbyggjarar på Vestbreidda lenge vore avhengige av å kjøpe vatn. I 2017 skreiv Amnesty at dei fattigaste palestinarane kunne nytte opp til halve månadslønna si på vatn.
Leger utan grenser, som seier Israel nyttar vatn som eit våpen mot palestinarar, har rapportert om at prisen på vatn no har gått opp 500 prosent.

Ei jente ber vatn i Deir al-Balah på Gaza. Foto: AP Photo/Abdel Kareem Hana
Sudan
I Sudan krigar den paramilitære gruppa RSF og den sudanske hæren, og millionar av menneske har no avgrensa eller ingen tilgang på reint vatn.
– Vatn har ein stor innverknad på helse og sanitære forhold. At ein ikkje har tilgang på reint vatn, handlar ikkje berre om dehydrering. Har du ikkje tilgang på vatn, så veit vi at helsa blir forverra, seier Maubach-Vindenes.
Les også: Kjempar for betre skular i Sør-Afrika: – Håpar vi på sikt ikkje trengst

Det har vore mangel på vatn i Khartoum i månadsvis. Her frå januar i år. Foto: AP Photo/Marwan Ali
Fleire stader i Sudan har vatn- og sanitetssystem kollapsa heilt, som mellom anna har ført til utbrot av sjukdomen kolera.
Ironisk nok har forholda i Sudan blitt verre i løpet av regntida (juni-september), fordi folk må halde seg inne i overfylte bustader.
Kva kan vi gjere?
– Noreg har eit viktig politisk ansvar for å snakke om det, for å sikre at vatn skal vere ein allment tilgjengeleg ressurs. Der meiner vi at det må leggjast ein innsats, seier leiaren i Changemaker.
Ho trekkjer inn klimaendringar og global oppvarming, som også kan gjere at vi har mindre tilgang på vatn.
– Då har vi eit ansvar for å vere bevisst det, og både tenkje på klima i kvardagen og vala vi tek.
Maubach-Vindenes oppmodar nordmenn til å engasjere seg for ting vi ikkje blir direkte påverka av.
– Det er jo litt som eg starta med, vi merkar ikkje kor essensielt vatn er før det er borte.






