Universitet og høgskular førebur seg på å ta imot flyktningar

Om lag 30 utdanningsinstitusjonar har kartlagt kapasiteten sin til å ta imot ukrainske flyktningar. Dei fleste programma på engelsk er på masternivå.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kartlegginga er gjord på førespurnad frå Kunnskapsdepartementet, skriv Khrono. Ein gjennomgang gjort av avisa viser at få utdanningsinstitusjonar i Noreg har bachelorutdanning på engelsk, men at alle har masterprogram på engelsk.

Universitetet i Stavanger (UiS) og Høgskulen på Vestlandet (HVL) oppgir at dei har plass til høvesvis 150 og mellom 45 og 50 ukrainske studentar.

Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) seier dei kan ta imot 5 til 10, og OsloMet oppgir at dei er villige til å lage ekstra plass for at ukrainske flyktningar skal kunne studere.

Utfordringar, men engasjement

Dei fleste utdanningsinstitusjonane peikar på utfordringar med opptak, finansiering av studieplassar og språkutfordringar.

Kunnskapsdepartementet opplever likevel stort engasjement til å ta imot flyktningane.

– Institusjonane er villige til å oppskalere det engelskspråklege tilbodet sitt på ulike fagområde og ulike nivå. Kapasiteten til å ta inn studentar og oppskalere tilbod innan norskopplæring er òg stor, og kan organiserast i løpet av relativt kort tid i mange tilfelle, opplyser Kunnskapsdepartementet til Khrono.

Fleire universitet og høgskular har òg sagt at dei er villige til å tilsetje ukrainske forskarar og akademikarar mot at dei får midlar til dette, ifølgje departementet.


Ein ukrainsk brannmann dreg brannslangar inn i ein stor fabrikk som er øydelagd av luftåtak. Foto: AP Photo/Vadim Ghirda