Forhandlingane held fram i Ukraina-krigen

Samtalane mellom Russland og Ukraina held fram tysdag. Samtidig flyktar tusenvis av ukrainarar heimlandet, og det blir stadig fleire angrep nær hovudstaden.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein videotale kunngjorde Ukrainas statsminister Volodymyr Zelenskyj at samtalane mellom Russland og Ukraina om å avslutte krigen held fram tysdag.

Han bad russiske soldatar om å slutte å krige og å overgi seg. – Eg tilbyr dykk ein sjanse til å overleve, seier han i videoen.

Ifølgje anslag frå Ukrainas forsvar tysdag morgon har 13.500 russiske soldatar vorte drepne hittil i krigen.

Samtidig hevdar Russlands forsvarsdepartement at dei har kontroll på heile Kherson-regionen sør i Ukraina. Det blir òg meldt at russisk militære rykkjer nærare inn mot Kyiv.

Kreml seier tysdag formiddag at det er for tidleg å spå kva resultatet av samtalane mellom Ukraina og Russland vil bli.

Tusenvis evakuerte måndag

Rundt 4.000 sivile vart evakuerte frå Kyiv og andre stader måndag, men berre sju av ti fluktkorridorar fungerer. Det stadfesta Ukrainas visestatsminister Irina Veresjtsjuk seint måndag, ifølgje det ukrainske nyheitsbyrået UNIAN.

Rundt 2.000 av dei vart evakuerte frå Kyiv-regionen, medan den planlagde evakueringa frå hamnebyen Mariupol i stor grad mislykkast, ifølgje Veresjtsjuk. Ho la til at ein hjelpekolonne med mat og medisinar på veg mot denne byen framleis blir blokkert frå å komme fram.

Ukraina prøver no å opprette ni humanitære korridorar, mellom anna eit nytt forsøk frå Mariupol.

Måndag vart det òg meldt frå ukrainske styresmakter at minst 2.500 personar så langt har døydd i den russiske omleiringa av Mariupol.

Angrep mot bustadområde

To personar er drepne etter eit angrep mot ei bustadblokk i Ukrainas hovudstad Kyiv, melder redningstenesta i landet tysdag morgon.

– To drepne personar vart henta ut, og 27 personar vart redda, skriv Ukrainas redningsteneste i ein Facebook-post ifølgje AFP.

Bustadblokka ligg i Sviatosjynskyj-distriktet vest i Kyiv.

Fleire angrep vart retta mot bustadområde i distriktet tidleg tysdag morgon, og angrepa førte mellom anna til ein stor brann i ei bustadblokk på 16 etasjar.

Også i Podilsk-distriktet nord i byen vart ei bustadblokk ramma, men her er det førebels ikkje meldt om døde. Aust i byen vart ein einebustad treft.

Ukrainas militære og naudetatar seier brannane skjedde som følgje av artilleriangrep.

Også forstadene Irpin, Hostomel og Butsja har vorte trefte av angrep i natt, ifølgje ukrainske styresmakter, skriv Sky News.

Fleire sanksjonar

Same dag forhandlingane finn stad, er ein fjerde runde med sanksjonar vedtekne av EU. Dei er retta mot militærindustrien, stålindustrien og energisektoren.

I tillegg innfører EU òg eit forbod mot å eksportere luksusvarer som dyre bilar og smykke frå EU for å ramme den russiske eliten, og utvidar krinsen med oligarkar som blir omfatta av tidlegare sanksjonar.


Ein ukrainsk brannmann dreg brannslangar inn i ein stor fabrikk som er øydelagd av luftåtak. Foto: AP Photo/Vadim Ghirda