Invasjonen av Ukraina: – Klokka fem om morgonen høyrde vi eksplosjonar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile verda har hatt hjartet i halsen, i påvente av kva som hender mellom Russland og Ukraina.

Torsdag morgon vart den største frykta realitet, då Russland invaderte Ukraina. Russiske missilar har regna ned over fleire ukrainske byar.

Det er det største åtaket ein stat har utført mot ein annan i Europa sidan andre verdskrig, melder ReutersVerdsleiarar har fordømt åtaket.

– Klokka fem om morgonen høyrde vi eksplosjonar i Kyiv. Eg kan ikkje tru det. Heile himmelen over Kyiv farga i mørkegrått. Av røyk. Rakettar flyr, skriv den ukrainske artisten og påverkaren Masha Timoshenko på Instagram og held fram:

– Dette føregår i heile Ukraina. Rett ved huset mitt. To rakettar fauk over og rett etterpå ein eksplosjon. Heilt nært.

Åtte år med krig i aust, no full invasjon

For tre dagar sidan, før invasjonen, skreiv den russiske klimaaktivisten Arsjak Makitsjian (27) og den ukrainske klimaaktivisten Arina (16) ei fellesuttaling om at dei begge var redde for ein eventuell krig.

16 år gamle Arina fortalde om korleis det har vore å vekse opp i Kyiv, med det ho skildrar som ein «permanent krigsliknande tilstand».

– Eg har vorte vand til at krig føregår i bakgrunnen. Han er alltid i landet mitt, alltid i byen min Kyiv, sjølv om det ikkje føregår krigshandlingar, skreiv ho på Instagram då.

Sidan annekteringa av Krim i 2014 har det vore krig i Aust-Ukraina, støtta av russiske styrkar. Krigen har kosta over 14 000 menneskeliv.

Arina skildrar kor tungt det har vore å høyre nyheiter frå fronten kvar einaste dag. Om skytingar, eksplosjonar og øydelegging. Om tusenvis av drepne, og om flyktningar som er nøydde til å reise frå alt, mot ei uviss framtid.

16-åringen avsluttar med å be andre førestille seg frykta for å sovne, for så å vakne opp att til ein by som ikkje lenger er relativt fredeleg. Slik var det for mange i Ukraina torsdag. 

Populær Putin

Den russiske opptrappinga langs den ukrainske grensa, fell saman med ein auke i Vladimir Putin sin popularitet i heimlandet. I august 2021 støtta 61 prosent av russarar Putin, no er talet auka til 69 prosent.

Vladimir Putin sin oppslutnad i heimlandet har stige. Foto: Kremlin.ru/Wikimedia Commons/CC BY 4.0

Men russarar flest har ikkje støtta ein krig mot nabolandet Ukraina, skriv Arik Burakovsky hjå forskingsnettstaden The Conversation. Han er nestleiar hjå Russland og Eurasia-programmet hjå Tufts University.

Han peikar på undersøkingar frå Levada Center, som mellom anna syner at 51 prosent av russarar seier at Russland og Ukraina burde vere sjølvstendige land med eit venleg forhold.

I desember sa 38 prosent av russarane at dei ikkje rekna krig med Ukraina som ei reell mogelegheit, og 15 prosent meinte det var heilt umogeleg med ein væpna konflikt mellom landa.

– Russland treng ikkje Putin

No, i etterkant av invasjonen, tek mange russarar òg til orde for å fordømme åtaket, og spreie bodskapen om at «Putin er ikkje Russland».

Før invasjonen skreiv russiske Luibov Samilova, som arbeider i miljøorganisasjonen Venner av Baltikum (Друзья Балтики), på Instagram at ho ikkje ønska krig:

– I februar ’14 var eg 14 år gammal, og eg forstod ikkje kva som skjedde. I februar ’22 er eg 22. Eg kan ikkje seie at eg fullstendig forstår alt som skjer, men basert på informasjon frå ulike kjelder konkluderer eg med følgjande: Putin er ein imperialist til beinet. Han vil gjenreise Sovjetunionen. Målet hans rettferdiggjer middelet.

– Russiske borgarar treng ikkje å vinne ein krig før valet i 2024. Russland treng ikkje Putin, held ho fram.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by liuba samylova (@liuba_lir)

Arsjak Makitsjian (27) var ein av dei aller første klimastreikarane i Russland, og har tidlegare vorte arrestert for å streike for klimahandling. Den siste tida har han derimot bytt ut klimhandlingsskilta sine, med skilt til støtte for Ukraina.

Då den russiske invasjonen var eit faktum, skreiv han:

– Putin starta ein krig. Han er ein kriminell – ikkje ein president.


Skada radarutstyr og anna utstyr ved eit ukrainsk militæranlegg utanfor Mariupol, Ukraina, torsdag 24. februar 2022. (AP Photo/Sergei Grits)