Nynorsken rauk i Hemsedals-skulen etter 85 år
Frå hausten tek bokmålet over som hovudmål i skulen i Hemsedal etter 85 år med nynorsk. Det vedtok kommunestyret i Hemsedal onsdag kveld.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kommunestyret følgde dermed innstillinga frå kommunedirektøren om å avvikle nynorsk som hovudmål ved Hemsedal barne- og ungdomsskule, skriv Hallingdølen.
Innstillinga gjekk likevel imot resultatet i skulemålsrøystinga i fjor haust, som gav ei knapt fleirtal i favør av nynorsken. Det har skapt debatt i bygda. 49,9 prosent av stemmene landa på nynorsksida.
«Du fortena ein som meg»
I kommunestyret var fleirtalet for bokmål også knapt då kommunestyret røysta over eit motforslag om å behalde nynorsken som skulemål. Forslaget fall med åtte mot ni stemmer.
Representanten som fremja forslaget om å halde fram med nynorsk, Norunn Rivedal (Sp), gjekk på talarstolen i ein genser med Daniel Kvammen-sitatet «Du fortena ein som meg» på, fortel Hallingdølen. Det var likevel ikkje nok til å overtyde andre enn dei raudgrøne, representantane frå Sp, Ap og SV.