Frå nabolandet fremjar Vilde (26) menneskerettar i Nord-Korea

Informasjonsflyten over grensa mellom Sør-Korea og Nord-Korea er meir omfattande enn du kanskje trur. Og der bidreg finnmarkingen Vilde Olaussen.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er vel mange som har inntrykk av at nordkoreanarar er hjernevaska og stolar blindt på det dei vert fortalde av regimet, spekulerer Vilde Karoline Olaussen (26). 

– Det finst jo nordkoreanarar som gjer det, og det er kanskje ikkje så rart med tanke på regimets omfattande kontroll over det daglege livet i landet. Men dei aller fleste nordkoreanarar veit at ting ikkje er som regimet påstår – sjølv om dei ikkje kan gjere så mykje med det. 

Ho reiste til Koreahalvøya for første gong i 2015. No, etter fleire lange studieopphald i Sør-Korea, er finnmarkingen busett i landet. Der arbeider ho med å spreie nyheiter til og frå naboen i nord.

Risikerer dødsstraff for å ha radio

Vilde Olaussen er i dag prosjektkonsulent ved den sørkoreanske medieorganisasjonen Unification Media Group (UMG) og avisa Daily NK.

Dei arbeider for å vidareformidle truverdige nyheiter til nordkoreanarar, samt dele usensurerte nyheiter frå Nord-Korea til det internasjonale samfunnet.

I årets utgåve av World Press Freedom Index hamnar Nord-Korea på 179. plass av 180 rangerte land. Berre i Eritrea står det verre til med pressefridomen. Grunngjevinga peikar på at det totalitære regimet kontrollerer kommunikasjonen innanfor landets grenser.

Nordkoreanarane på bildet bukka for portretta av Kim Il Sung og Kim Jong Il på Kim Il Sung-plassen i hovudstaden Pyongyang 17. desember i år, på 10-årsmarkeringa av at Kim Jong Il døydde. Foto: NTB / AP Photo/Jon Chol Jin

«Nordkoreanarar kan framleis verte sende i konsentrasjonsleiarar for å sjå på ein digital mediekanal basert utanfor landet,» står det i grunngjevinga.

Men dei siste 15 åra har likevel UMG, som i dag er leia av Lee Kwang Baek, kringkasta daglege radiosendingar med håp om at dei skal nå fram til nordkoreanarar.

For å få tilgang til sendingane i Nord-Korea lyt dei få fatt i radioar på svartemarknaden, trass i at dei kan risikere opp til 15 år i arbeidsleir om dei vert tekne i å sjå, lytte til eller eige opptak frå Sør-Korea.

Om dei importerer eller distribuerer opptak, filmar, publikasjonar, bøker o.l, risikerer dei dødsstraff eller å måtte leve resten av livet i arbeidsleir.

Per i dag utgjer ikkje arbeidet til Olaussen nokon risiko for ho personleg:

– Om eg ikkje skulle finne på å dra til Nord-Korea som turist, då, men det er ikkje noko eg har tenkt å gjere med det første akkurat, fortel ho. 

Nordkoreanske stemmer må vike for bisarre nyheiter

Noko av det som overraska Olaussen mest etter ho flytta til Sør-Korea og starta i jobben, er kor omfattande denne informasjonsutvekslinga over grensa er.

I tillegg til radiosendingane til UMG, reiser USBar med filmar, bilete og bøker frå utlandet inn til Nord-Korea, trass den strenge statlege kontrollen.

Vilde Olaussen understrekar kor viktig det er at nordkoreanarar får høyre noko anna enn dei statlege propagandakanalane og at det internasjonale samfunnet får eit klårare bilete av kva som føregår bak dei lukka grensene.

– Nordkoreanarar kan og veit meir enn vi trur, men eg opplever at deira synspunkt og deira tankar veldig ofte vert marginalisert til fordel for eit nyheitsbilete som portretterer Nord-Korea som «bisart» og ein trugsel for oss i Noreg og elles i verda, forklarar Olaussen.

Kim Jong-un skal ikkje vere særeg begeistra for vestleg mote. Foto: Korean Central News Agency/Korea News Service via AP , Lars Crommelinck/Flickr/CC BY 2.0, Yarden/Unsplash, Kilian Seiler/Unsplash, State of Florida/Offentleg eigedom. Kollasj: Framtida.no

Du har kanskje fått med deg at skinny jeans, hockeysveis og leppepiercingar skal ha vorte forbode i Nord-Korea, eller at Kim Jong-un innførte 11 dagars forbod mot latter og gledesuttrykk?

Komplementære til dei meir absurde nyheitene, er sakene om militærmakta Nord-Korea, med sine rakettskytingar, missilar og atomtrugsel.

UMG og Daily NK rapporterer breiare om kva som føregår på lokalt nivå i landet.

– Eg meiner det er viktig å høyre på stemmene til dei menneska som faktisk bur der og kva dei har å seie for å få eit meir nyansert og reflektert bilete av situasjonen.

Eit land delt i to

Første gong Vilde Olaussen, som er oppvaksen i Hasvik på Sørøya i Vest-Finnmark, høyrde om Korea var då ho hadde ein sørkoreansk brevvenn på barneskulen.

– Eg har alltid hatt interesse for andre språk og kulturar, og vart fort veldig engasjert og fekk eit veldig godt inntrykk av landet gjennom ho.

Interessa vaks då ho vart eldre og høyrde om Nord-Korea på TV og stadig fleire oppdaga sørkoreansk popkultur.

– Eg var spesielt fascinert av den særeigne historia om eit land delt i to av grunnar og omstende heilt utanfor dets eige kontroll, og skiljelinjene dette skapte mellom menneske både på privaten og i det offentlege liv, fortel ho.

Vilde Olaussen merkar på reaksjonane ho møter at både hennar nære og samfunnet generelt er interesserte i Nord-Korea og Sør-Korea: – Sjølv om eg framleis får spørsmålet «er det i Nord-Korea eller Sør-Korea du held deg?» inn i mellom. Bildet er frå Pyongyang. Foto: NTB / AP Photo/Jon Chol Jin

Lever dei enno?

Fram til andre verdskrig var Korea sameina i eitt rike og underlagt Japan. Etter Japan kapitulerte i august 1945 rykte sovjetiske styrkar inn i det som skulle verte Nord-Korea, medan dei amerikanske styrkane gjekk i land i sør. Dei to okkupasjonsmaktene delte halvøya ved 38. breiddegrad.

– Du kan jo berre tenke deg korleis det var for dei familiane som vart spreidde ut over forskjellige delar av Korea då maktherrene frå USA og Sovjetunionen berre bestemte seg på måfå for kor grensa skulle gå etter andre verdskrig i 1945, fortel Olaussen og held fram: 

– I dag har du foreldre, søsken og nære vennar både i sør og nord som framleis lever i uvisse om kva som eigentleg skjedde med sine kjære, og korleis dei lever no – eller om dei i det heile teke lever no. 

– For ikkje å snakke om kor mykje dei lir i Nord-Korea under grove brot på menneskerettane, medan dei kan verte avretta for å sjå på ein TV-serie eller høyre på ei radiosending laga i rike Sør-Korea berre nokre få kilometer over grensa.

26-åringen fortel at det er ei spennande, men også veldig sår historie om menneskelege tragediar som held fram også i dag, med skiljelinja mellom nord og sør.

Samstundes meiner ho organisasjonar som UMG/Daily NK kan skape eit lite håp om endring ved å bryte ned informasjonsbarrierar og såleis knyte band mellom menneske på tvers av grenser.

– Ein av dei tinga som overraska meg spesielt første gongen eg kom til Sør-Korea er kor lite folk her reagerer på trugslar etter trugslar om bombeangrep og diverse former for krigsretorikk frå regimet i Nord-Korea. Her er Kim Jong-un på hest ved Paektu-fjellet. Foto: Korean Central News Agency/Korea News Service / AP / NTB

Overvaking

Men det er ikkje berre berre å sikre nyheiter både inn og ut av landet:

– Den største utfordringa med å dele informasjon med nordkoreanarar og opplyse det internasjonale samfunnet om realiteten i Nord-Korea er kontrollen til dei nordkoreanske styresmaktene, fortel Felicia An, meddirektør i UMG, på e-post til Framtida.no. 

Nord-Korea har dei siste ti åra vore leia av Kim Jong-un, og vert rekna som ein autoritær stat. I The Economist Intelligence Unit sin Democracy Index 2020 er Nord-Korea igjen rangert på aller siste plass av dei 167 landa som har vorte vurderte.

«Under Kim Jong-un, landets leiar sidan 2012, held det totalitære regimet fram med å halde innbyggjarane sine uvitande,» står det i World Press Freedom Index 2021, som peikar på at framsteg som mobiltelefonar vert følgde opp med teknologiske nyvinngar som gjer at styresmaktene beheld kontrollen.

Avisa Daily NK brukar krypterte telefonar for å kommunisere med kjeldene sine i Nord-Korea, og er tilbakehaldne med identifiserande informasjon, for å ikkje utsette kjeldene for yttarlegare risiko.

– Sidan Nord-Korea sin kontroll og overvaking vert stadig meir alvorleg, er det viktigaste for oss å sikre tryggleiken til nyheitsinformantane, fortel An. 

Samstundes strevar organisasjonen for at nyheitene skal verte vidareformidla som dei er, og ikkje på einsidig og trangsynt vis.

An fortel at UMG og Daily NK kryssjekkar all informasjonen dei får frå kjeldene sine, og vurderer opp mot eiga erfaring og nettverket dei har kor vidt meldingane er truverdige og sanne.

Pungsan-hundar er kjend som trufaste og smarte, og er kalla opp etter eit nordkoreansk fylke. Her er to hundar som Nord-Korea sende i gåve til Sør-Korea i 2018. Foto: COURTESY OF SOUTH KOREA’S PRESIDENTIAL BLUE HOUSE

Det første private mediet i Nord-Korea

For å betre vilkåra for dei drygt 25 millionar menneska som bur i Nord-Korea, er ideelle organisasjonar, styresmakter og det internasjonale samfunnet alle nødvendige, påpeikar Felicia An.

UMG håpar at dei ved å sikre innhald som ikkje er kontrollert av styresmaktene, kan hjelpe nordkoreanarar til å leve frie kulturelle liv og fremje informasjonsfridomen.

– Om innhaldet som når nordkoreanarar inkluderer behovet for å betre demokrati og menneskerettar og dei nødvendige metodane for å kunne utvikle eit demokratisk samfunn, så kan det bidra til demokratiseringa av Nord-Korea.

I 2018 var UMG blant mottakarane av årets Democracy Award frå amerikanske National Endowment for Democracy, for nyheitsfordmidlinga til og frå Nord-Korea.

Per i dag er det estimert at kring éin til to prosent av nordkoreanarar lyttar til UMG sine radiosendingar, men på sikt håpar medieorganisasjonen å nå 10 prosent av befolkninga med både radiosendingar og tv-sendingar.

– Det langsiktige målet vårt er å etablere det første offisielle private mediet, som er gratis, i Nord-Korea, fortel meddirektør Felicia An. 

Ein stad der vanlege folk bur

Vilde Olaussen presiserer at endå Nord-Korea ikkje er ein veldig grei stad å bu med tanke på fridom, så er det likevel nettopp det – ein stad der folk bur. 

– Folk i Nord-Korea lever liva sine, med alt som det inneber, akkurat som deg og meg. Dei har sine tradisjonar, heimar, familie og vennar.

 Flyktningane eg har snakka med som har forlate Nord-Korea føler ikkje avsky for kor dei kjem frå, sjølv om dei hadde det vanskeleg – dei kjenner både lukke og sakn for heimstaden sin og familien sin, og liva dei levde der.

Samtundes er det viktig å hugse på at ikkje alle nordkoreanarar er like, seier ho.

– Dei fleste forlet ikkje landet på grunn av ei politisk eller ideologisk overbevisning om at kapitalisme er betre enn kommunisme, til dømes, men fordi det rett og slett var nødvendig for å overleve. 


Linda Emilia Koskinen Hjelle (25) på Kim il-Sung-plassen i Pyongyang med to nordkoreanske guidar, begge med etternamn Kim. Bla deg vidare til fleire bilete! Foto: Privat