Jan Ramstad har intervjua fleire avhopparar frå Nord-Korea, og sit på så mykje informasjon at han no er nekta innpass til det lukka landet.

Hilde Arnesen, Studvest
Hilde Arnesen, Studvest
Faktaboks

NORD-KOREA
– Nord-Korea har i underkant av 23 millionar innbyggjarar.
– Landa har eit lukka, totalitært styre og leia av Koreas arbeidarparti og Kim Jong-un.
– Nord-Korea ynskjer å vere selvforsynt, trass i at fleire millionar har mista livet på grunn av svolt.
– I samsvar med konstitusjonen til landet skal menneskerettane respekterast, trass at dei i realiteten ikkje har noka tyding for leiarane til landet.

JAN RAMSTAD
– Ein av initiativtakerne bak Raftostiftelsen, ein ideell og upartisk organisasjon som arbeider for å fremje menneskerettar globalt.
– Styreleiar for Raftohuset.
– Utdanna historikar og siviløkonom (NHH).

LES FAKTALUKK FAKTA

Korleis fungerer styresettet i Nord-Korea?
– Det er eit styre heilt ulikt alle andre. Det byggjer på statsideologien, juche, som går ut på å forsørgje seg sjølv. Hæren får alle ressursar, noko som har resultert i at Nord-Korea har verda si fjerde eller femte største hæren mælt i mengder soldatar. Det absurde i styresettet ser ein òg ved at Kim Il-sung, som var leiar i landet frå 1948 til han døydde i 1994, enno er president i landet sjølv om Kim Jong-un no fungerer som leiar.

Kva for ei stilling har eigenleg Kim Jong-un i samfunnet?
– Då han vart innsett i 2011 sleit han veldig med legitimiteten. Det var vel ingen som hadde trudd at han skulle ende opp som leiar. Men den eldste broren vart arrestert i Disneyland i Japan med falskt pass, og var glad i casino og goda til kapitalismen. Kim Jong-un er ein del av eit større system, der tanta og onkelen hans fungerer som rådgjevarar. Eg trur strategien bak styret hans har vore planlagt lenge. Han handlar om å krisemaksimere mest mogleg, og på den måten tvinge USA til forhandlingsbordet for å få i stand ei avtale. Ein slik avtale vil i hovudsak dreie seg om å skaffe legitimitet til regimet internasjonalt. Dessutan ynskjer Nord-Korea mest mogleg stabilitet. Slik det er no har dei stor mangelen på energi og mat, noko dei håpar USA kan hjelpe dei med.

Korleis kan dette styresettet overleve?
– Regimet er bygd på total overvaking. Døma til det finne der ein tystar på foreldra eller borna sine om den minste tingen som kan oppfattast som motstand mot regimet. Det finst med andre ord ikkje opposisjon i landet, alle er rydda av vegen eller er i eigne leirar. Resten av folkesetnaden tør ikkje gjere noko eller veit ikkje betre. Folka blir indoktrinert frå dei er bittesmå, og veit veldig lite om verda utanfor. Hjernevasken sit i ryggraden, og det er med på å oppretthalde systemet. Sørkoreanarar har byrja å sende ting over grensa med ballongar når vinden står rett veg, blant anna propaganda og såpeseriar. Dette har gjeve mange nordkoreanarar inntrykk av at det flyter gull og honning i gatene i Seoul.

LES OGSÅ: – Onkelen min er diktator

Korleis har nordkoreanarar flest det?
– Dei fleste lever på den mørke landsbygda saman med hest og kjerre, utan elektrisitet eller noko særleg mat. Dei lever under konstant frykt. Likevel trur mange at dei lever i eit paradis. Staten blir drive i stor grad av slavearbeidskraft, ved at folkesetnaden jobbar for dei kollektive interessene og får svært lite igjen. Dei blir fødd inn i ein av over 50 ulike klasser. Er du fødd inn i ein av regimet sine fiendeklasser, er avvika dine genetiske og stammar frå fleire generasjonar bakover, og det er svært vanskeleg å forflytte seg mellom klassane.

Vi høyrer jo historier om konsentrasjonsleirane, men kvifor blir nordkoreanarar eigenleg plassert der?
– Det er 14 godt dokumenterte leirar, som er kartlagt ved hjelp av satellittar. Eg har intervjua fleire som har vore i leirar. Det kan vere reine bagatellar som gjer at ein blir sett inn. Born som plukkar korn frå bakken etter avlingane blir sett på som svikarar mot regimet, og risikerer å bli plassert i ein av leirane. Det er 100 prosent nulltoleranse når det gjeld motstand mot regimet. Ein kommentar som blir oppfatta som regimefiendtlig kan sikre deg ein einvegsbillett inn i leiren. Veldig mange av dei som er i leirane bukkar under i løpet av kort tid, og gjev dermed plass til nye.

Vil Nord-Korea kunne fortsetje på same måten framover?
– For å overleve er dei nøydde til å redusere forsvarsbudsjettet og frigjere ressursar til vekst innover i landet. Leiarane veit at viss regimet skal overleve må dei tilby folket meir, som mat og reformer. Verdshistoria viser at folket til slutt vil gjere opprør dersom dei ikkje får dekt behova sine. Eg trur dessutan det neste sprellet frå Nord-Korea vil vere noko som ikkje kan sporast tilbake til dei. Dei er villige til å gjere veldig mykje for å få internasjonal merksemd.

Les saka i Studvest!

LES OGSÅ: Teiknar kvardagen i det ekstreme

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE