Fryktar skinny jeans og hockeysveisar får Nord-Korea til å falle saman

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skinny jeans, hockeysveis og nase- og leppepiercingar skal alle vere forbodne i Nord-Korea, fordi dei er symbol på ein kapitalistisk livsstil.

Det melder fleire internasjonale medium.

Ifølgje The Guardian skal det nord-koreanske regimet no berre tillate 15 «ikkje-sosialistiske» hårsveisar.

Motepoliti

Motemeldinga skal ha kome via avisa til den nord-koreanske regjeringa, Rodong Sinmum, som i ein artikkel uttrykte uro for at unge nord-koreanarar i aukande grad omfamnar vestlege motetrendar.

– Vi må vere vare for sjølv det minste teikn på den kapitalistiske livsstilen og kjempe for å verte kvitt dei, står det i artikkelen, ifølgje The Guardian. 

Den nord-koreanske avisa skal ha spådd at landet vil falle saman om ikkje Nord-Korea held fast ved sin eigen livsstil.

Ifølgje The Guardian skal ungdomsorganisasjonen Kim Il-sungs sosialistiske ungdomsforbund ofte opptre som «motepoliti» og slå ned på klede som ser for «utanlandske» ut.

Britike Metro melder at Kim Jong-un i desember innførte strengare lover, slik at nord-koreanarar som bryt moterestriksjonane fleire gongar kan verte sende til arbeidsleirar.

Øyredobbar og hårfarge på «nei-lista»

Faktasjekk-nettstaden Snopes peikar på at informasjonen til no ikkje er stadfesta, men viser til at det har vore meldt om liknande moterestriksjonar sidan midten av 2020.

Tidlegare skal farga hår, øyredobbar og klede med utanlandske bokstavar ha vorte forbodne, ifølgje den sørkoreanske nettavisa Daily NK.


  • Har du lyst å lese fleire utrulege saker? Sjå her! 

Les også: Frå «havfruer» til frostbitne fingrar – sjå dei eklaste museumsgjenstandane

Sjekk kva som er det skumlaste verdas museum har å by på. Foto: Nasjonalmuseet i Skottland, Dan Hicks, Deutsches Historisches Museum, National Army Museum og Egham Museum


Relaterte saker