I ei ny undersøking kjem det fram at unge mellom 16 og 24 år er mest optimistiske til at verda skal greie å utrydde fattigdom – og mest villige til å bidra aktivt sjølv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Innan 2030 skal ingen leve for under 1,9 dollar om dagen, ifølgje FNs berekraftsmål 1. Det tilsvarar kring 16,5 norske kroner.
Framleis er det eit stykke opp til målsetjinga: I 2017 levde heile 689 millionar menneske (9,3 prosent av verdas befokning) i ekstrem fattigdom.
No syner ei ny undersøking at det er unge som er mest villige til å bidra aktivt for å minske fattigdomen på kloden.
Undersøkinga er utført av Respons Analyse for Strømmestiftelsen, som for andre gong har sjekka kor godt nordmenn kjenner til berekraftsmåla, og særleg fattigdomsmålet.
3 av 4: Svært viktig at fattigdom blir utrydda
Berre éin prosent av dei spurde trur ekstrem fattigdom vil bli utrydda.
Tre av fire trur det vil vere anten like mange eller fleire som lever i ekstrem fattigdom i 2030. Men like mange meiner det er svært viktig at ekstrem fattigdom blir utrydda i verda.
Førre undersøking i 2020 viste dei same tendensane.
Men: unge menneske – særleg dei mellom 16-24 år – skiljer seg ut i undersøkinga.
Unge vil bidra aktivt
Av dei mellom 16 og 24 år, meiner nesten 1 av 2 at ekstrem fattigdom vil bli redusert.
37 prosent meiner bistandsbudsjettet burde verte auka og unge er også over snittet villige til å engasjere seg aktivt sjølv.
Totalt 2 av 3 (66 prosent) vil bidra aktivt, anten politisk eller gjennom frivillig arbeid, for å nedkjempe fattigdom.
Strømmestiftelsen meiner dette er tett knytt opp til unge sitt klimaengasjement.
– Dei unge som står opp
Live Fanavoll, leiar i ungdomsorganisasjonen RE:ACT, er ikkje overraska over resultata.
– Det var litt som forventa, og det er ikkje overraskande at unge har mest engasjement, fortel ho på telefon til Framtida.no.
Ho trur det handlar om at unge er engasjerte i si eiga framtid.
– Ein ser jo det med klimautviklinga også, at det er dei unge som står opp og vil bli høyrt. Unge er nok kanskje også då meir interesserte i å setje seg inn i desse tinga, og får meir giv av å kunne bidra til å skapa ei betre verd.
Av resultata er ho mest skuffa over at det berre er eín prosent av alle dei spurte som har svara at dei trur fattigdom vil bli utrydda innan 2030.
– Og så skulle ein jo sett at engasjementet strekte seg over alle aldersgrupper. Det er jo tema som eigentleg angår alle. Eg trur verda ville hatt godt av at fleire engasjerte seg og bidrog, utover den unge aldersgruppa.
Håpar viljen smittar over på dei eldre
Andre tal frå undersøkinga viser at:
- 83 prosent av dei spurde meiner norsk næringsliv har eit ansvar for å bidra til å utrydde ekstrem fattigdom
- Ein av tre meiner bistandsbudsjettet, på rundt ein prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI), bør aukast.
- Over halvparten (53 prosent) er villige til å betale meir for varer frå utviklingsland.
- 46 prosent var opptekne av internasjonal solidaritet då dei stemte ved årets stortingsval.
Generalsekretær Eirik Lunde seier i pressemeldinga at han er glad for å sjå at det er stor støtte til norsk bistand.
– Folk er villige til å gjere meir og ser kor viktig det er å jobbe for å nedkjempe fattigdom. Det viser at bistandsbudsjettet bør gå til nettopp dette, og at viktige satsingar som internasjonale klimatiltak må kome i tillegg. Vi håpar også at viljen blant dei unge vil smitte over på dei som er eldre.
- Les også intervjuet med Ane (25) frå klimatoppmøtet i Glasgow: – Om eg får ei rekning frå Lånekassen i posten og ikkje betalar den, så får eg purring og renter i tillegg, men slikt har ikkje dei rike landa i mente
Fakta om undersøkinga
- Eit representativt utval av den norske befolkninga har blitt spurt om kjennskap og haldning til FNs berekraftsmål 1 – å utrydde ekstrem fattigdom.
- 1109 nordmenn i alderen 16 år og oppover har blitt intervjua på telefon.
- Utført av Respons Analyse på vegner av Strømmestiftelsen, hausten 2021
- Ei liknande undersøking vart utført januar 2020.