Studentar blir nekta å bruke nynorsk
Studentar ved Høgskulen i Innlandet har vorte nekta å bruke nynorsk, fordi det ikkje blir forstått. Språkrådet og Noregs Mållag reagerer sterkt på saka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er eit teikn i tida der norsk sakkar akterut i akademia, og då går det særleg utover nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, til Khrono.
LES OGSÅ: Jorunn har forska på nynorsk og samisk i akademia: – Enormt viktig val
Forelesar forstod ikkje nynorsk
Hauge har på Twitter lagt ut ein oppgåvetekst frå Høgskolen i Innlandet der det mellom anna står på engelsk:
«Språk: bokmål eller engelsk (Eg forstår ikkje nynorsk/svensk/dansk).»
I dette tilfellet på @HiInnlandet får altså ikkje nynorskbrukande studentar skrive på språket sitt fordi tilsette ikkje har den naudsynte språkkompetansen. ?Innskrenka studentrettar fordi det er praktisk for institusjonen. Det er heilt sprøtt. @AvisenKhrono pic.twitter.com/eOguYt07gq
— Peder Lofnes Hauge (@PederHauge) October 7, 2021
Mållagsleiaren meiner dette går utover dei språklege rettane til studentane. Han ser på det som eit symboltungt døme på korleis det står til i norsk akademia og refererer til internasjonaliseringa som har skjedd dei siste åra.
Den norske mållova slår fast at staten skal nytte både nynorsk og bokmål, men det har vore fleire døme på at norske universitet og høgskular gjer dette i svært varierande grad.
LES OGSÅ: Stine (21) fekk ikkje heimeeksamen på nynorsk: – Ein føler seg jo litt liten oppi det heile
Språkrådet: – Må be om hjelp frå kollega
– Når ein innskrenkar bruken av nynorsk, dansk og svensk så er det heilt på tvers av intensjonane av lovverk, forskrifter og ikkje minst den nordiske språkdeklarasjonen, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås til Khrono.
Ho meiner at dersom høgskulen verkeleg har tilsette som ikkje forstår nynorsk, må dei be om hjelp av ein kollega eller andre frå institusjonen til vedkommande får den relevante kompetansen sjølv.
Ho minner om at det er fleire kurs i nynorsk lett tilgjengeleg for dei som manglar kompetanse på området.
LES OGSÅ: Universiteta bryt lova år etter år – no må dei bli betre
Høgskulen: — Ein glipp
På Høgskolen i Innlandet er det blitt sjekka opp i saka, og til Khrono fortel dei at det er ein glipp frå deira side. Feilen skjedde fordi ein nytilsett, utanlandsk medarbeidar ikkje hadde fått informasjon om krava til språket.
— Me ynskjer å følgje mållovene og vil at studentane skal kunne levere inn oppgåver og svar på deira mål, seier kommunikasjonsdirektør ved Høgskolen i Innlandet, Tore Høyland, til Khrono.
LES OGSÅ: UiO kalla nynorsk for «øvrig skandinavisk språk»: – Veldig klønete formulering