Over 10.000 i studentbustadkø – NSO etterlyser nye studentbustader

Denne veka er det semesterstart ved dei fleste universitet og høgskular. Framleis står 10.000 studentar i kø for å få bustadene i studentsamskipnadene.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Køtala har minka med 6.088 studentar, frå 16.421 2. august til 10.333 16. august, skriv Samskipnadsrådet.no

Køtala går ned fordi studentar anten flyttar inn i ein studentbustad eller finn bustad på den private marknaden. Denne veka er det semesterstart hos dei aller fleste universiteta og høgskulane.

Tuva Todnem Lund er leiar av Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

NSO etterlyser studentbustader

Leiar av Norsk studentorganisasjon, Tuva Todnem Lund, seier ho er bekymra over at over 10.000 studentar framleis står i kø for å få studentbustad.

– Desse studenten må gå på bustadjakt, ofte i ein ukjend by, i staden for å kunne delta i studiestarten. Vi treng at det blir bygd fleire studentbustader no, for å forhindre slike køar i åra framover, seier Lund.

– Aldri før har så mange fått plass ved universiteta og høgskulane i landet, noko som blir spegla i bustadkøen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Han seier det rundt om i landet blir bygd mange studentbustader – og at det skal byggjast meir.


Bakgrunnfoto: Brandon Griggs/Unsplash. Kollasj: Framtida.no. Logo: L-innsikt.