Vindmøller til havs kan knekke som fyrstikker
Mellomstore bølgjer kan øydeleggje vindturbinane på havet. Matematikarar prøver no å forklare kvifor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan knekke som fyrstikker
Bølgjeforskarar meiner vi veit for lite om når vindturbinane på havet kan knekke, skriv forskingsmagasinet Apollon. Forskarar Jon Grue ved Universitetet i Oslo har nemleg funne ut at når bølgjer over tretten meter slår mot vindturbinen, dukkar det opp ei uheldig kraft på baksida av turbinen. Slike mellomstore bølgjer kan oppstå allereie i vanleg storm, og desse kan det vere mange av i Norskehavet. Den spesielle vibrasjonstypen blir kalla ringing og kan slite på vindmølla og auke faren for kollaps.
I åra framover har Noreg planar om å byggje titusenvis av vindturbinar. Mellom anna er det planlagt ein vindmøllepark med ein kapasitet på to Altakraftverk utanfor Møre og Romsdal.
LES OGSÅ: Kan dekke alt energibehov
– Tek ein ikkje omsyn til ringing, kan vindturbinparkar bli ein økonomisk ruin, åtvarar John Grue.
Saman med to stipendiatar driv han no med utrekningar for å kunne finne ein generell matematisk formel som kan vise korleis ringingkrafta opptrer. Sjefsspesialist Arne Nestegård i hydrodynamikk i Det Norske Veritas stadfestar til Apollon at også Veritas no arbeider med å forbetre ringingmodellane for vindturbinar til havs. (©NPK)