Kan dekkje alt energibehov

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan dekkje alt energibehov

Det er forskarar ved Standford University og University of Delaware som meiner vindmøller har potensial til å dekkje framtidsbehovet for energi i verda opptil fleire gonger – dersom ein byggjer vindmøller, skriv Forskning.no.

I dag blir berre ein svært liten del av energibehovet dekt med vindturbinar. Datamodellen til forskarane bereknar energien vindmøller kan få ut av alle vindane i verda over land og kystnært til havs. Makspotensialet er 250 terawatt, noko som er mykje meir enn dei 11,5 terawatt ein reknar med at menneska kjem til å trenge årleg innan 2030, dersom ein skal dekkje heile energibehovet med reine energikjelder.

Men skal ein suge all energi ut avvinden må vindmøllene stå på geledd over heile alt areal av hav og land på jorda, skriv Forskning.no. I eit meir realistisk scenario meiner forskarane at ein kan dekkje rundt halvparten av energibehovet i verda med vindkraft. Det vil krevje rundt fire millionar vindmøller som fangar inn vinden i 100 meters høgd, meiner dei.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!

Estimata føreset at vindturbinane kan plasserast overalt på jorda, utan tanke for omgivnader, klima og samfunnsmessige- og økonomiske konsekvensar, skriv Forskning.no. (©NPK)

Kor meiner du det bør bli fleire vindmøller?