Inga Økokrim-etterforsking av vindkraftutbyggjarar på Fosen
Økokrim startar ikkje etterforsking av vindkraftutbyggjarane på Fosen etter at interesseorganisasjonen Motvind Norge leverte politimelding i sommar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Motvind Norge og reineigarar i området meinte at Fosen Vind og Roan Vind hadde brote både energilova og straffelova ettersom dei to vindkraftverka etter Høgsterettsdommen i Fosen-saka ikkje hadde gyldig konsesjon.
I eit brev frå Økokrim som er send til både meldarar og dei melde i saka, heiter det mellom anna at Økokrim har vurdert informasjonen som kjem fram av meldingane, og at dei ikkje set i verk etterforsking, melder NRK.
– Det er ikkje rimeleg grunn til å undersøkje om det ligg føre straffbart forhold, heiter det i brevet.
● Les også: Ella Marie stemmer i vrengt kofte for Fosen
– Det var som forventa at dei kom fram til denne konklusjonen. Vi vart i grunn veldig overraska då meldingane kom, seier kommunikasjonsdirektør Stig Tore Laugen i energiselskapet Aneo, som er blant eigarane til selskapet Roan Vind.
Torbjørn Lindseth i organisasjonen Motvind Norge er ikkje fornøgd, men seier at avgjerda er som venta. Han varslar at dei ikkje gir seg med dette.