Ella Marie Hætta Isaksen: – Kjem til å følgje nøye med på utviklinga

Ella Marie Hætta Isaksen seier at ho og dei andre Fosen-aksjonistane framleis støttar kravet om ei uavhengig gransking av oppfølginga av Fosen-dommen.

NPK-NTB
Publisert

– Vi kjem til å følgje nøye med på utviklinga i saka, særleg dette med å finne, tildele og etablere tilleggsbeiteområde til reinbeitedistrikta, seier Hætta Isaksen til NTB.

Onsdag vart det kjent at også Nord-Fosen siida og Roan Vind er samde om ein avtale med staten som sørgjer for at Nord-Fosen siida får vinterbeiteområde utanfor reinbeitedistriktet. Dette som ei erstatning for beiteområda som gjekk tapt med utbygginga av vindkraftverket på Roan.

For Isaksen og 19 andre ungdommar er første punkt på dagsordenen no ei rettssak. Dei er tiltalte for demonstrasjonane i regjeringskvartalet i Oslo for eit års tid sidan.

– Det blir heftig, og det kjennest urettferdig at dette blir siste verset i Fosen-saka per no. Vi som har verna menneskerettane blir straffa, medan dei som har gjort seg skuldig i brot framleis går fri, seier ho.

Ho understrekar at aksjonistane – som i tillegg til samar inkluderer store delar av miljørørsla – framleis har ryggen til reineigarane dersom avtalen ikkje blir følgt opp.

– For oss frå aksjonen er kanskje hovudkravet no som saka har fått eit komma, om ikkje eit punktum, at staten skal lære av dette, seier Isaksen.

Ho meiner systemet slik det er no legg til rette for at slike saker kjem til å oppstå igjen.

– Det kan vi ikkje akseptere. Vi støttar Sametingets og ønsket til reineigarane om å setje i gang ei uavhengig gransking av den manglande oppfølginga av Fosen-dommen.