Ekstra skuletimar blir foreslått som tiltak mot tapt læring

Ei arbeidsgruppe foreslår ekstra timar for elevar som har behov for det, auka tid til kontaktlærar og forsterka opplæring som tiltak mot tapt læring.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har vore eit tøft år for mange elevar som har gått glipp av mykje læring og sosialt fellesskap, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Skulane har gjort ein stor innsats for å gi eit godt tilbod under pandemien, men koronakommisjonen har slått fast at mange elevar har lært mindre.

– No gjeld det å finne ein god balanse mellom å gi tilsette og elevar ro til å ta fatt på kvardagen igjen, og å setje inn tiltak der det trengst, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) har fått ein rapport med tiltak for å bøte på tapt læring og sosialt fellesskap for skuleelevar under pandemien. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Er løyvd pengar

Arbeidsgruppa har kome med forslag for å sikre inkludering, tiltak for å identifisere og følgje opp elevar som har falle gjennom fagleg eller sosialt, og tiltak for å kompensere for tapt læring.

Det er så langt løyvd 330 millionar kroner for å ta igjen tapt læring, og Kunnskapsdepartementet har foreslått at det blir løyvd ytterlegare 256 millionar. I tillegg er det løyvd 500 millionar kroner til sommarskule.

– Arbeidsgruppa har fått innspel frå dei som kjenner sektoren best, nemleg tilsette, elevane og organisasjonane. Det gir oss eit godt grunnlag for å ta tak i dei største utfordringane, seier Melby.


Les også: Barn av høgt utdanna foreldre presterer betre i skulen: – Det er mange ting som spelar inn