Færre trur pandemien gir klimaeffekt
Stadig færre trur pandemien vil bidra til å redusere dei globale klimautfordringane på både kort og lang sikt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I mai svarte annankvar av dei spurde i Norsk koronamonitor frå Opinion, 49 prosent, at korona har positiv klimaeffekt på kort sikt. Delen har falle med 15 prosentpoeng sidan mai i fjor.
– Pandemien har demonstrert at ei heil verd raskt kan omstillast dersom vi må. Likevel trur stadig færre at pandemien blir eit tilsvarande vegskilje i handteringa av klimautfordringane, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.
Berre 14 prosent av dei spurde trur pandemien vil redusere dei globale klimautfordringane på lang sikt.
- Les også: Folk kastar mindre mat enn før korona
Kraftige tiltak for å stanse klimakrisa
Norsk koronamonitor har òg spurt nordmenn om dei synest styresmaktene bør innføre like kraftige tiltak for å stanse klimakrisa som vi har hatt for å stanse koronakrisa.
Her seier eit mindretal på 29 prosent ja, men 49 prosent meiner det er for drygt og svarer nei.
Les også meiningsinnlegget om handlekraft i klimakrisa: «Kvifor er Noreg så redd for å gå først?»