Folk kastar mindre mat enn før korona
Fleire undersøkingar frå 2020 viser at folk har kasta mindre mat det siste året. Det er godt nytt for klimaet
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
FNs klimapanel meiner at matsvinn står for mellom åtte og ti prosent av dei totale menneskeskapte klimagassutsleppa. Og i Noreg skjer over halvparten av matsvinnet hos forbrukarane.
Eit effektivt klimatiltak
– Ikkje alle veit det, men det å redusere matsvinn er faktisk eitt av dei mest effektive klimatiltaka vi har. Matkasting er også ei etisk utfordring, samstundes som det er dårleg ressursbruk. Det er gledeleg med undersøkingar som viser at forbrukarar endrar haldningar og vanar, som igjen er med på å hindre at mat blir kasta, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).
Tankegangen er at til meir mat vi kastar, til meir må vi produsere og til meir press legg vi på klimaet.
– Vi bør passe på å ete opp maten, slik at han ikkje blir kasta og ressursane går til spille. Bevisste forbrukarar som tek vare på maten, er viktig for å nå målet til regjeringa om å halvere matsvinnet innan 2030. Det igjen er eit viktig steg for å nå klimamålet om å redusere utsleppa med 50 prosent innan same året, seier statsråden.