«Kvifor er Noreg så redd for å gå først?»

Bård Johan Hausberg (19), Nora Erland (14) og Randi Rostvåg Leer-Salvesen (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Verda er i endring, men Noreg sit fast i fortida. Noreg har gode moglegheiter, men me overser dei største krisene verda står overfor. EU fasar ut olja, men Noreg vil ikkje.

Dagens politikk gjer at ungdommar uroar seg for både kloden, klimaet og for sine framtidige jobbar.

Kvifor tør me ikkje å gå først?

Noreg sakkar akterut

Boris Johnson er eit overraskande godt eksempel. Han ønskjer 78 prosent utsleppskutt i Storbritannia innan 2035. Samstundes seier Joe Biden at USA skal vere utsleppsfritt innan 2050.

Og Noreg, me har skrota så å seie heile klimaplanen regjeringa nyleg skrytte av – som frå før var langt frå ambisiøs nok.

Den britiske statsministeren Boris Johnson og den amerikanske presidenten Joe Biden har begge annonsert styrkte klimamål. Foto: Ben Shread/Cabinet Office/Fri gjenbruk, Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0. Kollasj: Framtida.no

Verda er i utvikling og me må følgje etter. Feila med oljenæringa har vore tydeleg i mange år, og dei blir meir dramatiske med åra.

Etter 2050 vil ikkje EU ta imot meir fossil energi, og Noreg vil ende opp med å ligge bak i den grøne omstillinga og samstundes tape masse pengar. Me treng å satse på nye næringar, noko andre land har starta med for lengst.

Fleire europeiske land er snart ferdige med å erstatte kol med sol- og vindenergi. Frankrike erstattar innanriks flyreiser med hurtigtog. Samstundes nyttar Høgre-regjeringa milliardar på nye motorvegar gjennom viktige myrområde – Nordens regnskog.

Er politikarane redde for å ta upopulære val?

I snitt mistar 23,5 millionar menneske heimen sin kvart år grunna klimakrisa, og Europa har til no vore elendige på handteringa. Menneske flyktar frå krig, inhumane levekår og klimaendringar, men Europa pressar dei unna.

Situasjonen blir ikkje betre når Noreg viser null innsats. Topp-politikarar i EU har fridd til populistiske rørsler, heller enn å redde menneskeliv.

Dessverre blir tiltaka meir drastiske jo lenger me ventar

Noreg bør jobbe for ein betre flyktningpolitikk og vise meir solidaritet! I staden vil FrP nærmast stengje grensene, og debatten er prega av høgrepopulisme, rasisme og lite solidariske tankar. Og dei norske politikarane er nøgde med å berre ha tatt imot 50 flyktningar frå Moria!

Noreg gjer ikkje nok, fordi me er redde for å gå først. Kanskje er det fordi politikarane er redde for å ta upopulære val? Men dette er dårleg for framtidige generasjonar!

Prioriterer me klimakrisa, slepp me å nytte milliardar på klimatilpassing og me bevarer livsgrunnlaget vårt. Koronakrisa har vist oss at regjeringa har handlekraft viss dei verkeleg vil. Denne handlekrafta trengst til klimakrisa. Politikarane skjønar ikkje hastverket.

Dessverre blir tiltaka meir drastiske jo lenger me ventar. Det er forbanna naudsynt. Me har berre 9 år på oss til å halvere dei globale utsleppa, og Noreg MÅ gjere meir.

Det er 2021 for faen!


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!  

Sortering av kaffibær. Dei raude, modne er dei ein vil ha, medan dei grøne, umodne og dei brune, tørre må bort. Foto: Milda Nordbø Rosenberg