Nesten like mange fullførte utdanning trass pandemi

Trass ei pandemiprega avslutning vart 53.959 utdanningar fullførte på norske universitet og høgskular i 2020. Det er berre 15 færre enn skuleåret før.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bachelorutdanningar utgjorde 59 prosent, medan 27 prosent av dei fullførte utdanningane var masterutdanningar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Profesjons- og forskarutdanningar stod for 5 prosent, medan 9 prosent var andre utdanningar.

Talet på fullførte utdanningar har vore aukande dei siste fem åra. I snitt har det vore ein årleg auke på nærare fire prosent. I 2015 vart 45.800 utdanningar fullførte.

Her kan du sjå kva som er dei mest populære studia for neste studieår!

Fleire kvinner enn menn tek høgare utdanning, noko som blir reflektert i tala. Kjønnsforskjellen var størst på profesjonsutdanningar, der kvinner utgjorde 73,4 prosent av dei som fullførte. Berre på forskarutdanningar var menn i fleirtal (51,1 prosent).

I fjor vart det fullført 31.750 grader på bachelornivå, som er ein auke på 700. På masternivå gjekk talet ned med 200 til 14.600.


Fulltidsstudent Mina Edvardsen kunne fint ha kome seg til Universitetet i Stavanger, men taklar studiane mykje betre frå heimekontor. Foto: Privat