Fleire ungdomsparti vil ha studentar fram i vaksinekøen
Unge Høgre og SU vil ha studentar fram i vaksinekøen før neste studieår startar i august.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mange av dei yngste studentane håpar dei er ferdig vaksinerte når fadderveka byrjar.
Unge Høgre-leiar Ola Svennebye er blant dei som meiner unge har ofra mykje under pandemien og ber regjeringa vurdere vaksinerekkjefølgja, skriv NRK.
– Unge har jo ikkje isolert seg sjølv og følgt smittevernreglar eller avlyst festar, bursdagar eller fadderveker for eigen del, seier Svenneby til NRK.
Oppfatninga hans blir delt av leiaren i Sosialistisk Ungdom, Synnøve Kronen Snyen, som meiner det ikkje bør vere ein automatikk i at unge må vente lengst på vaksine.
– Eg forventar at FHI og regjeringa gjer ei grundig vurdering av om ungdom bør vaksinerast før friske vaksne, seier Snyen.
FHI ser på aldersgruppa
Folkehelseinstituttet ser på kva effekt det vil ha dersom ein endrar rekkjefølgja og vaksinerer unge først, seier smitteverndirektør Geir Bukholm.
– Eg trur kanskje ikkje vi ser på studentar som studentgruppe, men vi ser heilt klart på den aldersgruppa og kva effekt det kan ha. I tillegg til det, ser vi nok på utdanningsinstitusjonane spesielt for å sjå om det er viktig at vi gjer eigne tiltak i forhold til prioriteringa av dei, seier Bukholm.