Wenche (70) er uroa for barnebarnet: – Kan eg få gje mi vaksine til henne?

Wenche Grønn (70)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tida mi er her snart då eg skal få vaksine mot korona.

Eg er 70 år. Eg har levd eit liv.

Eg likar å gå på tur og det kan eg gjere dagleg.

Eg får mi trygd og eg har ein mann.

Eg har òg hatt korona.

Etter ein lang prat med eit barnebarn er eg full av medkjensle. Der sit ho i ein framand by på en liten hybel, aleine. Det har ho gjort i lang tid.

Ho kjenner på at ho ikkje har lyst å stå opp om morgonen. Ho som var så glad for å starta studium er vorten umotivert.

Eg seier ikkje her at barnebarnet mitt er djupt deprimert, men at eg ser at dette er ein vanleg reaksjon på fråver av normal undervisning og sosial kontakt og dette er ikkje bra.

Dei er ikkje i form for tida og dei er mange

Kjære FHI, Guldberg, Nakstad og alle. Kan eg få gje mi vaksine til henne?

Det verkar som ei urettferdig tildeling. Eg tenkjer at alle vi som har ungdom vi elskar skulle gjerne sett at dei kunne vore i første rekkje.

Eg lurar på korleis livet deira blir. Dei er ikkje i form for tida og dei er mange.

Eg kjenner ei stor sut for den kjæraste eg har og har dårleg samvit over at eg liksom er viktigare enn henne.

Wenche og barnebarnet Kristine. Foto: Privat

Barnebarn Kristine har samtykka til at Framtida.no publiserer meiningsinnlegget til Wenche. 

  • Har du noko på hjarta? Send inn til tips@framtida.no

Les også: Auka bekymring for einsemd blant unge