34 prosent av yngre vaksne opp i vekt under pandemien
Koronapandemien har påverka både fysisk aktivitet og kosthald hos yngre vaksne, viser resultata frå Den nasjonale folkehelseundersøkinga for 2020.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Pandemien har både påverka aktivitetsnivå, vekt og kosthald, viser undersøkinga frå Folkehelseinstituttet (FHI). 34 prosent av dei mellom 18 og 24 år har gått opp i vekt det siste året.
– Resultata frå undersøkinga indikerer at nokre grupper har vore meir sårbare for endringar enn andre og at pandemien har påverka kosthald og fysisk aktivitet hos desse negativt, seier forskar Marianne Abel ved FHI.
- Les også om legebesøket som enda i tårer: «Køddar du med meg? BMI? Verkeleg?»
Samtidig ser det ikkje ut til at det er store forskjellar mellom menn og kvinner i utviklinga av vekt det siste året. Tala viser at 27 prosent menn opplyser å ha gått opp i vekt, hos kvinner er det 19 prosent.
– Dette passar godt med at vi ikkje ser særlege kjønnsforskjellar knytte til endra kosthald og aktivitet. Det ser heller ikkje ut til å vere nemneverdige forskjellar etter utdanning, verken i vektendring det siste året eller i endringar i livsstil under pandemien, forklarer ho.
- Les også om undertøysmerket som vel modellar utan å ha sett dei, men basert på historiene dei deler: – Nokre tenker: «Det er risikabelt, tenk om nokon ikkje er fotogene?»