Solberg varslar nye økonomiske tiltak for studentar

Statsminister Erna Solberg seier regjeringa vil komme tilbake med nye økonomiske tiltak for studentar som har tapt inntekt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det varsla statsministeren då ho orienterte Stortinget om koronahandteringa til regjeringa måndag.

– Regjeringa ser at det er behov for nye økonomiske tiltak for studentar som har tapt inntekt. Vi vil komme tilbake til omfanget og innretninga på dette, men vi ser framleis på Lånekassen som best eigna til å støtte studentane, sa Solberg.

Frp foreslo førre veke å løyve 1 milliard kroner for å hjelpe studentar, fortrinnsvis dei som har tapt inntekt under pandemien. Også dei raudgrøne partia krev auka støtte til studentane, og dette er eitt av temaa som blir diskuterte i samtalane mellom opposisjonspartia på Stortinget om forsterka krisepakketiltak.

Sju av ti studentar er avhengige av deltidsjobb for å klare studenttilværet, og koronapandemien har dermed ført til at fleire har måtta avslutte studiane, skreiv VG førre veke.