Tore Renberg hadde ikkje klart å skrive «Tollak til Ingeborg» på bokmål
Tore Renberg haustar prisar og gode kritikkar for «Tollak til Ingeborg», som kom ut i haust. I november fekk han Bokhandlerprisen, som den første for ei bok på nynorsk sidan Tarjei Vesaas i 1967.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det var først då han heldt på med sin trettande roman, at Tore Renberg bestemte seg for å skrive på nynorsk.
– Eg vakna ein morgon og tenkte – «herregud, kan eg skriva det på nynorsk». Eg var 42 år, og hadde ikkje skrive nynorsk sidan eg gjekk på skulen, seier forfattar Tore Renberg, til Nynorsk pressekontor.
I 2015 sat Renberg og skreiv på si trettande bok, Du er så lys. Frå før hadde han mellom anna skapt universet til Jarle Klepp og til Hillevågsgjengen, til gode kritikkar og til stor glede for mange lesarar. Men no stod han fast.
– Då eg fekk ideen om å prøve nynorsk, gjekk eg bort til mac-en, kasta det eg hadde gjort og byrja å skrive på ny. Eg opplevde ei veldig forløysing. Det var som om eg kom nærmare tanken og nærmare kjeften, og fekk tak i andre ting i språket. Det vart ein heilt annan klang, fortel Renberg.
- Usikker på kva du skal gje vekk til jul? Her får du forfattarane sine litterære julegåvetips!
Bondsk nynorsk
Oppvaksen i eit borgarleg Stavanger var det ei sjølvfølge å skrive bokmål. Nynorsk vart oppfatta som bondsk og grovt, og i heimbyen fanst det berre ein einaste nynorskklasse. Likevel fekk målforma respekt som kunstspråk.
Du er så lys vart godt mottatt og etter fleire andre bokprosjekt byrja han å skrive på boka han nyleg fekk Bokhandlerprisen for, Tollak til Ingeborg.
– Då eg skulle byrje å skrive om Tollak kjende eg at denne historia neppe hadde kome til meg om eg ikkje hadde hatt tilgang til det nynorske språket, seier Renberg på rogalandsdialekta si.
- Les også oppmodinga frå Tore Renberg: – Gå heim og gje nynorsken ein sjanse
Prisdryss
Renberg er inne i sitt 25. år som forfattar, og bokmeldarane er jamt over begeistra for Tollak til Ingeborg.
«En energibombe av en roman», «kraftfullt og flott nynorsk» og «Eit uhyre sterkt portrett» er blant tilbakemeldingane. I november fekk romanen Bokhandlerprisen.
– Det var heilt fantastisk. Eg hadde tenkt at no får eg vere nøgd med å vere nominert. Og at dette er ei nokså dramatisk bok, ho er på nynorsk og det eine med det andre. Det var mange sterke titlar. Eg er stolt av at ei sånn bok kunne nå så langt, seier Renberg.
No er boka òg nominert til P2-lytternes romanpris.
– Det var stas for boka og meg. P2-prisen er ein veldig skikkeleg pris. Bøkene blir grundig diskuterte av lesarar med ulik bakgrunn, så det er berre å vere takksam for tilliten dei har vist Tollak og meg.
Tollak er ein aldrande mann som er bitter og sint på alt og alle rundt seg. Han har mista kona Ingeborg – ho som fekk det til å fungere mellom Tollak og omverda. Nyleg fann Renberg igjen det aller første notatet til boka, frå 2018.
– Eg var oppteken av det å vere åleine igjen i verda når den du har vore så glad i er reist herifrå. Og i dette tilfellet, når du òg har blitt åleine på andre måtar, seier Renberg og utdjupar:
– Tollak kan ikkje fordra tida han lever i, og har ikkje noko velfungerande forhold til verken samfunnet eller ungane. Dei bur langt vekke. Det byrja eigentleg med å skildra den sorga og einsemda. Og så kom historia derifrå.
- Les også kva Framtida.no sin bokmeldar meinte om boka: – Av den sjeldne sorten
Ambisjon om å utslette seg sjølv
Då Renberg skreiv bøkene om Jarle Klepp, hadde Jarle mange av dei same referansane som han sjølv, med ein oppvekst i same by på same tid, omgitt av same musikk. Då han skulle skrive om Tollak, måtte han setje seg sjølv til sides og lytte til hovudpersonen.
– Då er min ambisjon å utslette meg sjølv. Eg har ein avtale med hovudpersonen, og prøver å kome inn til han og lytte til hans verd. Bruke innsikten og empatien til der han er. Alt blir avgjort i språket. Eg forstod tidleg at det er ein song frå einsemda, og at det er fint om det blir ei eg-forteljing, fordi det er den mest einsame utgangsposisjonen, forklarer Renberg.
– Og då måtte eg byrje å lytte. – Korleis er det du snakkar, Tollak? – Korleis er det du kan skriva? Eg visste at når eg finn ut det, var halve romanen løyst. Eg fann ut at rytmen til Tollak er sakte og seig. Han er ikkje pratsam. Eg sat og tenkte på folk eg hadde møtt, som er skeptiske til prat, til kvinnfolk, til typisk jabbing. Eg tenkte han er sikkert skeptisk til meg – Tore Renberg, prateklassen og til journalistar.
Renberg fann ut at det var ein arketyp han såg. Ein som finst overalt i samfunnet. Tollak bur i ein dal. Men denne arketypen kunne òg budd i ei leilegheit i byen, eller i USA og røysta på Trump.
– Eg såg at språket hans er kortfatta, med relativt lite metaforar, lite bildebruk. Han ser verda i svart kvitt. Alt er kantete, og han stoler ikkje på andre enn seg sjølv . Eg kjende at om eg skal få til dette, må eg tru på stemma hans. Om eg ikkje trur på den som snakkar, er det berre å gløyme.
- Visste du at generasjonen Z les færre bøker? – Det er berre stress å driva og bla heile tida
Herleg å gå på jobb
Renberg beskriv seg sjølv som ein uroleg og nysgjerrig type, og ser det som naturleg at bøkene han skriv blir veldig forskjellige. Difor er han heller ikkje særleg redd for å setje seg fast i eit spor. Erfaring er kanskje det som mest skil den noverande forfattaren frå den 25 år yngre varianten.
– Dei første åra av arbeidslivet er ei stor læring, ein kan ikkje yrket heilt. Eg gjer det ikkje rett heile tida no heller, men no kan eg jobben min. Det er herleg å gå på jobb og vite korleis eg gjer det. Eg slepp ein del famling, fordi eg veit korleis eg bygger eit hus.
– Mange ytre ting forandrar seg, herregud. Eg kan leve av dette i dag, og det er heilt utruleg for meg at eg kan det. Det er heilt annleis å vere ein ung forfattar og sitje og lure på korleis det skal gå.
- Les også om Tore Renberg som ung: – 20 år gamle Tore ville framleis bli forfattar, og var eigentleg litt fornærma for at han ikkje hadde fått publisert noko allereie.
Gler seg til å skrive
Elles synest Renberg mykje er som for 25 år sidan.
– Eg vaknar om morgonen og gler meg til å skrive. Eg merka kor sterk litteraturgleda mi var då eg var veldig ung. Eg har aldri måtta late som. Eg er forelska i litteraturen og treng berre å opne ei bok så er eg i gang, og les med nysgjerrigheit og glede.
– Når eg skriv, veit eg at det blir skikkeleg tungt – det blir det. Men så veit eg kor fint det er oppe på vidda, når eg kjem dit. Det er erfaring. Eg skriv på kraft, uro og nysgjerrigheit.
Kanskje heng det litt i hop- at forfattaren då han gjekk på vidaregåande skreiv særoppgåve om sin helt, Tarjei Vesaas. Om «Brannen» og «Vårnatt» og lyrikken, språk og klang til toppkarakter. Den einaste nynorskingen han deler Bokhandlerprisen med.
– Det er første gong sidan Vesaas, ja! I 1967. Han var så stort idol for meg, seier Renberg før han går tilbake til skrivinga.
Les også saka, der Framtida-journalisten spør: Kvifor smiler ikkje mannlege forfattarar?
Tore Renberg (48)
Forfattar og musikar frå Madla i Stavanger
- Aktuell med romanen Tollak til Ingeborg (Cappelen Damm), som har hausta gode kritikkar. Romanen fekk Bokhandlerprisen i november, og er nominert til P2-lytternes romanpris.
- Har gitt ut over femten romanar, mange barnebøker, og tekstar for film og scene. Bøkene hans er omsette til ei rekke språk, og fleire av bøkene er filmatiserte
Debutboka Sovende floke (1995) vart tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris
Fekk eit litterært gjennombrot med romanen Mannen som elsket Yngve (2003), den første boka i serien om Jarle Klepp
Har òg gjort suksess med bøkene om Hillevågsgjengen