Tale til nynorsk-robot kjem i løpet av 2021

Stortinget blir først ut med ny teknologi som skal omsetja tale på dialekt til nynorsk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Robot som forstår norske dialektar og skriv nynorsk kjem i 2021

Stortinget har valt å automatisera referatskrivinga frå stortingssalen med å bruka kunstig intelligens. Med hjelp av teknologi frå det danske selskapet Dictus skal alle talar og innlegg på Stortinget bli omsett til tekst.

Dette vil òg bidra til utviklinga av ein nynorsk talegjenkjennar som skal bli tilgjengeleg for publikum i løpet av 2021.

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Ingunn V. Steinsvåg

Leiaren av Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, er glad for meldinga.

– Det blir meir og meir bruk av taleteknologi i samfunnet, men førebels har nynorsk og dialekt hengt etter. Då er det veldig fint at me snart kan få bruka dialekt og nynorsk med denne teknologien, seier ho på telefon til Framtida.no.

– Norsk blir lettare enn dansk

– Me forventar å bli dei første som utviklar ein nynorsk talegjenkjennar som er nynorsk tvers gjennom, seier direktør Jens Otto Kjærum i Dictus på telefon til Framtida.no.

Han er glad for å kunna slå teknologigigantar som Microsoft, Google, Amazon og Apple.

Dictus har allereie utvikla tale til tekst-teknologi for Folketinget i Danmark. Og når dei har klart å få datamaskiner til å forstå dansk, så trur Kjærum det skal gå greitt å utvikla ein tale til tekst-teknologi i Noreg.

– Dansk er blant dei fem vanskelegaste språka i verda, seier han og viser til at det er stor forskjell på skriftspråk og tale i Danmark. I Noreg er det meir samsvar mellom tale og skriftspråk. Det vil gjera det enklare for ein tale til tekst-robot.

Trener med dialektar i stortingssalen

Noreg har mange dialektar med temmeleg store forskjellar. Det er ikkje berre enkelt for ein datamaskin å forstå. No blir over tusen timar med lydopptak i stortingssalen brukt til å trena språkteknologien til å forstå norske dialektar.

– Utan at stortingspolitikarane veit det, så er dei til god hjelp for at teknologien skal forstå dialektar, fortel Jens Otto Kjærum.

Mangfaldet av dialektar i stortingssalen dei siste åra vil dermed påverka i kva grad tale til tekst-teknologien forstår norske dialektar. Dictus-sjefen meiner teknologien deira skal kunna forstå dei fleste store norske dialektane. Med seg på laget har dei det norske selskapet Daisy. Dei samarbeider også med Språkbanken.

Når tale til nynorsk-roboten kjem, så reknar Dictus med at det vil bli levert til fleire plattformar gjennom ei abonnementsløysing.

Alle språkdata som blir laga for å trena robotane, skal vera gratis tilgjengeleg gjennom open kjeldekode.


Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic