Dansk publikum klagar på at danske skodespelarar snøvlar på film
No innfører landets største kinokjede undertekstar på alle danske filmar. Den danske Høreforeningen jublar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er folk som klagar over at danske skodespelarar snøvlar på film. Dei seier dei har vanskeleg for å forstå kva skodespelarane seier, seier Kim Pedersen til nyheitsbyrået Ritzau ifølgje Politiken.
Han er leiar for Danske Biografer, som er bransjeorganisasjonen for landets kinoar.
Les også: SKAM har fått unge danskar til å like norsk
Det danske språkproblemet
Det danske problemet er ikkje nytt. Allereie i 2013 sette ein dansk kino opp Kvinden i buret og fleire andre danske filmar med dansk tekst og forklarte det med at det var vanskeleg å forstå kva skodespelarane sa fordi dei mumla for mykje.
Tidlegare har det danske publikum også kritisert skodespelarane i suksess-serien Forbrydelsen og storfilmen En kongelig affære for å mumle.

Det var ikkje alltid dei danske sjåarane klarte å høyre kva Sarah Lund (Sofie Gråbøl), Troels Hartmann (Lars Mikkelsen) og dei andre karakterane i suksesserien «Forbydelsen» sa. Foto: Danmarks Radio
Danmarks største kinokjede, Nordisk Film Biografer, har difor bestemt seg for å tekste alle danske filmar på dansk.
Sidan 2016 har all dansk film som får støtte frå Det Danske Filminstitut vore forplikta til å lage ei teksta utgåve av filmen, men kinoane har ikkje vore forplikta til å vise den teksta utgåva.
Les også: Richard Storken får nynorsk tekst
800.000 hørselshemma
Håpet er at dansk film no skal verte enno meir tilgjengeleg for dei kring 800.000 danskane som er meir eller mindre hørselshemma.
I forkant av avgjerda har kinokjeda vurdert nøye omsynet til dei som slit med å høyre replikkane mot dei som ikkje gjer det.
– Det finst folk som vel vekk filmar om dei er teksta. Så det handlar om å finna den rette balansen, seier direktør i Nordisk Film Biografer, Casper Bonavent til radiostasjonen DR P4 Østjylland.
Sjå og høyr danske og norske skodespelar snakka i denne traileren:
Les meir: Kvifor døyr språk ut?
Frå matine til kveldskino
Den danske Høreforeningen jublar over initiativet og håpar fleire kinokjeder følgjer etter.
– Alternativet har vore ei særframsyning med ei teksta utgåve søndag føremiddag klokka 11, seier leiar Majbritt Garbul Tobberup.