Regjeringa vil forlengje stipendordning for utanlandsstudentar

Regjeringa vil leggje til rette for at studentar kan reise på utveksling til våren, og betaler lån og stipend sjølv om reisa blir utsett.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 04.11.2020 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Er det ein ting koronapandemien har vist oss, så er det kor viktig det er med internasjonalt samarbeid og dialog på tvers av landegrenser. Vi må gjere alt vi kan for å gi elevar og studentar moglegheita til å bruke heile verda som læringsarena, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding.

Han seier regjeringa derfor vil forlengje ordninga med at studentar skal få lån og stipend sjølv om dei ikkje kan starte utanlandsstudiane fysisk på lærestaden med ein gong.

  • Lurer du på kva dei siste smittevernreglane er? Sjå her! 

Koronastøtte til våren

Strenge innreiseforbod kan hindre studentar frå å reise til studielandet til våren, noko som kan bety at fleire må starte semesteret med å bu heime hos foreldra sine.

– Tidlegare har ikkje studentar hatt rett til lån og stipend i slike tilfelle. Det fekk dei i haust, og no foreslår vi at dei òg skal ha rett til dette til våren, seier Asheim.

Det blir òg moglegheit til å få lån og stipend sjølv om ein ikkje følgjer undervisninga fysisk på lærestaden. Mange studieplassar tilpassar undervisninga sik at norske studentar kan følgje den digitalt frå heimlandet medan dei ventar på å få reise.

Forslaget blir no lagt ut på høyring.

Ingeborg Sævik Heltne går glipp av utveksling denne hausten. Ho fryktar konsekvensane.
Foto: Andreas Brattåker Støyva