Regjeringa forlengjer stipendreglane for at fleire skal kunne bidra i helsevesenet

Studentar som jobbar i helse- og omsorgssektoren, får behalde stipendet sjølv om dei tener for mykje i haust.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange studentar bidreg med viktig arbeidsinnsats i helse- og omsorgssektoren under pandemien. For å hindre at dei som stiller opp tapar økonomisk, fjerna regjeringa i vår inntektsgrensa for desse studentane.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H). Foto: Regjeringen

No foreslår regjeringa å forlengje ordninga ut året.

– Helse- og omsorgssektoren har framleis stort behov for arbeidskraft på grunn av koronapandemien. Studentar som stiller opp, skal sleppe å bekymre seg for at mykje ekstrajobbing skal gå utover stipendet. Derfor foreslår vi å forlengje ordninga som vi innførte i vår, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Studentar som får stipend heile året, kan i utgangspunktet tene inntil 188.509 kroner utan å få redusert støtta, men no kan altså studentar som jobbar i helse- og omsorgssektoren sjå bort frå denne grensa.

generasjon korona Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerødholm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida.

Frå venstre: Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerø-Holm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida. Foto: Svein Olav B. Langåker