Klimaministeren opnar for meir til grønt skifte

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) opnar for meir pengebruk til klimatiltak i år, men åtvarar mot å bruka for mykje av pensjonspengane til dagens unge.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 02.06.2020 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimaministeren opnar for å gi meir grøn gass

Fredag la regjeringa fram ein grøn omstillingspakke på 3,6 milliardar kroner som skal støtta næringslivet og samtidig få ned klimagassutsleppa i Noreg. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) reiste på turné til Vestlandet same dagen.

– Det viktigaste er det som gjeld den største potten. Me gir to milliardar kroner til Enova. Det gjer me fordi Enova har vist seg å vera eit ekstremt effektivt verkemiddel for å gjennomføra grøn klimapolitikk, og for å utløysa private investeringar. Berre i dag har eg sett fleire eksempel på det, seier Sveinung Rotevatn til Framtida.no.

Rett før intervjuet la han ned grunnsteinen til ein nyskapande biogassfabrikk som vil nytta fiskeavfall og anna biologisk materiale til å laga biogass.

Kraftsatsing til gode søknader

Sveinung Rotevatn meiner biogassanlegget er eit godt eksempel for norsk sirkulærøkonomi.

– Det kuttar klimautslepp og skaper arbeidsplassar, og er gjennomført med Enova-støtte. Den type prosjekt er det me vil sjå mykje meir av no. Enova manglar ikkje gode søknader. Dei har ein enorm mengde gode søknader. Me bruker vanlegvis å gi dei tre milliardar i året. No får dei to milliardar på toppen. Og det er ei kraftsatsing, held han fram.

Jan Kåre Pedersen (til h.) i Sunnhordland Naturgass fekk fredag besøk av klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V), som avduka den første grunnsteinen på tomta til biogassanlegget som kjem på Eldøyane på Stord. Foto: Ingvild Siglen Berger, Sunnhordland

Håpar å treffa leverandørindustrien

Men kva då med dei store bedriftene?

Stord er den kommunen i landet med størst andel arbeidsplassar direkte knyta til oljeindustrien. Kværner Stord er Noregs største verft med 1600 tilsette, og har i tillegg fleire underleverandørar og innleigde. Verftsdirektør og tillitsvalde fryktar for framtida viss dei ikkje får fleire og større oppdrag.

Utbygginga av verdas største flytande havvindpark på Tampen vil berre sysselsetta ein liten brøkdel av dei tilsette.

Sveinung Rotevatn håpar det er mogleg å sikra levebrødet vidare for dei tilsette på verftet.

– Me har gjort ein god del grep som treff den typen industri veldig godt. Me har forbetra permitteringsreglane og oljeskatteregimet. Det er viktig for dei. Det me gjer i dag vil jo visa seg om treff godt, for me gjev ikkje direkte tilskot til verft eller enkeltprosjekt. Me gjev tilskot til for eksempel Enova, og så må folk søka.

Rotevatn trekk fram havvind som eit eksempel.

– Flytande havvind er jo noko dei allereie jobbar me her på verftet. Så får me sjå kva som dryp her etter kvart. Me trur generelt at dei satsingane me legg opp til vil koma heile leverandørindustrien på Vestlandskysten godt til gode.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) trur satsingane til regjeringa vil koma leverandørindustrien på Vestlandet til gode. Foto: Svein Olav B. Langåker

Åtvarar mot ulønsame prosjekt

Neste veke skal Stortinget bli samde om nye skattereglar for oljeselskapa. Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet kan vera på veg til å danna fleirtal for store skattelette som skal stimulera til auke i oljeinvesteringane, ifølgje Klassekampen.

Rotevatn seier regjeringa er for endringar som er med på å ta vare på lønsame arbeidsplassar, og sørgja for at lønsame prosjekt blir gjennomført.

– Me meiner me har levert ei balansert løysing for å nå nettopp det. Det som jo er faren med å gjera denne typen skatteendringar, er at ein må passa på at ein ikkje endar opp med å skapa så gunstige skattereglar at ulønsame prosjekt blir bygt ut. For det er noko AS Noreg taper på. Me må ikkje ut i den grøfta.

Gir grøn gass

– Kva er viktigast no, å halda hjula i gang eller å få til eit grønt skifte?

– Det viktigaste fram til no har vore å sørgja for at folk har jobb og inntekt, og at i utgangspunktet lønsame bedrifter ikkje går konkurs. Det har vore det viktige fram til no, i fase 1 og 2. No er me i fase 3. Då skal me gi gass i økonomien. Me skal få ting i gang igjen. Då har det ein veldig klar grøn profil. Då bruker me den grøne gasspedalen og ikkje den grå fossile pedalen.

– Kjem det meir i år?

– Det kjem i alle fall eit nytt statsbudsjett i år. Akkurat no kjennest det ut som om me legg fram eit nytt statsbudsjett annan kvar veke. For å setja det i perspektiv: Dei 3,6 milliardar kronene som me gir til grøn omstilling no – i eit ordinært statsbudsjett så er det slik at ein flyttar på 8-9 milliardar kroner i alle sektorar, så det seier litt om dimensjonane her. Det er store pengar, men me gjer det jo fordi det er nødvendig i lys av den økonomiske situasjonen. Me gjer det som skal til for å få Noreg gjennom dette her. Blir det nødvendig så vil me koma tilbake med meir, men me trur det som no er lagt fram treff godt.

– Me skal ikkje bruka uendeleg med pengar no, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Svein Olav B. Langåker

– Vanskeleg

Sveinung Rotevatn var leiar i Unge Venstre åtvara han fleire gonger mot å oljedopa statsbudsjettet og bruka opp pensjonen til framtidige generasjonar. Regjeringa han no sit i, er den som bruker mest oljepengar nokon gong.

– Korleis kan regjeringa klara dette utan at dei unge sit igjen med heile rekninga?

– Det er derfor dette er så vanskeleg, og det kjenner eg på for når me no bruker hundrevis av milliardar kroner på inntektssikring, helse og no grønt skifte. Det er jo pensjonspengane til både min generasjon og dei som er yngre meg som me no bruker. Eg er for at me gjer det, for det hjelp ikkje å ha pengar på bok viss me går ad undas. Me må ha arbeidsplassar og bedrifter, så det er riktig å bruka pengar no.

– Men det er også riktig å gjera det med måte. Det er ein beskjed til Stortinget no. Me skal der for å forhandla, og me skal vera lydhøyre, for me er ei mindretalsregjering. Men det er ikkje slik at me skal bruka uendeleg med pengar no. Det vil ikkje vera bra framtidige generasjonar eller norsk økonomi.

Therese Hugstmyr Woie er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

Her er tiltaka i den grøne pakken til regjeringa:

  • 2 milliardar til Enova
  • 1 milliard kroner over tre år til ei såkalla grøn konkurranseplattform der Forskingsrådet får 192 millionar kroner, Innovasjon Noreg 102,5 millionar kroner og Siva 38,5 millionar kroner.
  • 600 millionar til andre grøne tiltak