Når naturen slår tilbake


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mennesket er ein underleg skapning. Me er ein del av naturen, men samstundes på eit vis heva over den. Me er, som engelskmennene seier, både «a part of nature» og «apart from nature.»

«A part», fordi me deler jorda med eit trilliontals andre artar som alle er underlagt dei same lovane og prosessane som rår i naturen. «Apart», fordi me til forskjell frå andre artar har utvikla ei avansert evne til tenking, språk og læring – ei evne me har brukt til å skapa oss våre eigne lover og reglar, og til å underordna naturen våre eigne føremål.

Men den menneskeskapte, sosiale verda er i røynda ein ferniss over ein natur me aldri heilt kan ha kontroll over. Det innser me no, når alle planane våre plutseleg er blitt avlyste på grunn av eit virus som plutseleg oppstod blant dyr på andre sida jorda.

Den menneskeskapte, sosiale verda er i røynda ein ferniss over ein natur me aldri heilt kan ha kontroll over.

Ut av naturtilstanden?

Striden mellom natur og sivilisasjon har vore eit sentralt tema for filosofar, frå dei gamle grekarane til i dag. Engelskmannen Thomas Hobbes sette problemstillinga på spissen midt på 1600-talet. I eit England og Europa herja av krigar såg han korleis berande institusjonar i samfunnet kollapsa – og gav fritt spelerom til mennesket sin dyriske natur.

Dette gav opphav til ideen om «naturtilstanden»: eit anarkistisk samfunn der det ikkje var nokon andre lover enn naturen sine. I ein slik tilstand må alle kjempa kvar dag om dei same ressursane; ingen har tryggleik for liv og eigedom, og livet blir «einsamt, fattig, fælsleg, dyrisk og kort».

Men fordi me er utstyrt med praktisk fornuft, meiner Hobbes, kan me velja å forlata naturtilstanden. Med hjelp av ei felles makt – staten – kan me binda oss til eit sett med reglar som gjer slutt på «alles kamp mot alle». Berre denne samfunnstilstanden skaper tryggleiken og stabiliteten som trengst for at folk kan inngå fruktbare samarbeid og planleggja for framtida.

Du forlét aldri naturen

Moderne teknologi, vitskap, politikk og økonomiske framsteg – alt det Hobbes ville leggja til rette for – har gitt oss ei imponerande evne til kontrollera naturen og utnytta han for våre føremål. Det har gitt oss både lengre, rikare og tryggare liv: sjansen for å døy i ung alder av krig, sjukdom svolt er ein brøkdel av kva han var på Hobbes’ tid.

Men som me veit, men Hobbes ikkje ante: Den velstandsveksten som har gjort dette mogleg, har også hatt enorme utilsikta konsekvensar for miljøet vårt. Klimakrisa, driven fram av ein karbonbasert vekst som starta for to hundre år sidan, er det mest openberre dømet på det. Ekspertar peikar òg på at nedbygging av natur og utbyting av dyr ligg bak dagens koronakrise.

Sanninga er altså at viss me tar omgrepet bokstavleg, kan me aldri heilt forlata naturtilstanden. Naturen er alltid med oss, fordi me nettopp er ein del av han. Og naturen følgjer sine eigne reglar, upåverka av vår vilje og våre planar.

Naturen følgjer sine eigne reglar, upåverka av vår vilje og våre planar.

Realitetsprinsippet

Arne Johan Vetlesen, professor i filosofi ved Universitetet i Oslo, har vore oppteken av denne tematikken. Han kallar det realitetsprinsippet: Naturen er ein realitet som rammar inn alt me gjer, heilt uavhengig av kva me trur og meiner om han.

Vetlesen poengterer at alle tradisjonelle økonomiske modellar, både kapitalistiske og sosialistiske, har tatt naturen for gitt som ei stabil kjelde til naturressursar. Dermed får dei problem når den økonomiske aktiviteten vår endrar sjølve naturen, og gjer han ustabil. Naturen er ikkje berre ei sak for miljøvernarar, men òg for dei som bryr seg om business: «there’s no business on a dead planet».

Å ignorera det som skjer i naturen gjer med andre ord ikkje at det blir borte. Du kan nekta for at menneskeskapte utslepp fører til klimaendringar, men det hindrar ikkje at regnskogen brenn og at havet stig. Og du kan blåsa av korona-epidemien, slik nokon politikarar og pressgrupper har forsøkt – ofte dei same som også bles av klimaendringane – men det hindrar ikkje viruset i å spreia seg.

Realitetsprinsippet gjeld.

Fakta, ikkje ønsketenking

Evna samfunnet har bygd opp til å organisera og planleggja gir oss store fordelar, også når ho blir sett på prøve. Tenk berre på korleis koronakrisa ville utarta seg utan forskarar, fagfolk og myndigheiter som kjem med truverdig informasjon og felles råd og reglar. Truleg ville konspirasjonsteoriane og panikken florert, og sjølvbergingsinstinktet ville ført oss ut i ein «alles kamp mot alle».

Me fekk ein liten forsmak i den tidlege fasen av krisa, då folk hamstra matvarer og toalettpapir i frykt for at butikkane og varetransporten snart skulle stenga. Ein annan forsmak får me ved å sjå til USA, der Trump frå første stund har spreidd desinformasjon om viruset og fyrt opp under offentlege protestar mot smitteverntiltak.

Felles institusjonar kan altså gi oss viktig tryggleik også i ein høgst usikker situasjon. Føresetnaden er nettopp at dei byggjer på realitetsprinsippet – og rettar seg etter objektive fakta i staden for si eiga ønsketenking.

Utan framtid?

Som Hobbes forstod, er evna til å planleggja for framtida ein avgjerande eigenskap for oss menneske. Koronaviruset har raskt og brutalt råka denne evna. Heilt plutseleg har det fått oss til å avlysa det meste me hadde av planar, og gjort resten høgst usikre. Sjølv om samfunnet no gradvis opnar att, finst det ingen garanti mot nye smittebølgjer som gjer at alt plutseleg må avlysast igjen. Ingen kan setja ein sluttdato for krisa, slik mange har spurt etter: viruset er nettopp eit virus, eit biologisk fenomen utanfor vår fulle kontroll.

Klimakrisa går i langsamare tempo, men også den påverkar evna vår til å planleggja for framtida. Skuleelevar demonstrerer med slagord som «Kvifor skal me utdanna oss til ei framtid me ikkje får?» Fleire og fleire unge vaksne ønsker ikkje å få born av uro for kva slags klode dei skal arva.

Men det koronakrisa og klimakrisa viser oss, er at planane våre aldri var sikre i utgangspunktet. Pandemi og økologisk kollaps var heile tida moglegheiter som kunne utspela seg, blant tusen andre moglege hendingar som kunne påverka planane våre. Alle planar me legg er eigentleg gissingar på at verda vil halda seg stabil – noko me aldri har ein garanti for.

Det koronakrisa og klimakrisa viser oss, er at planane våre aldri var sikre i utgangspunktet.

Marcus Aurelius

Den tidlegare romerske keisaren og filosofen Marcus Aurelius på Glyptothek i München. Foto: Wikipedia

Med stoisk ro

Dette var ei viktig innsikt hos stoikarane i det gamle Hellas og Roma. Den romerske keisaren og filosofen Marcus Aurelius sa det slik: alt ein har er notida; alt anna er fortid eller usikkerheit.

Det tyder ikkje at ein skal la vera å planlegga for framtida, men at ein skal gjera det med rett sinnelag, utan illusjonar og utan å gjera lukka si avhengig av noko som kanskje skal skje i framtida.

For stoikarane gjaldt det å skilja mellom det ein rår over – sine eigne tankar og val – og alt det ein ikkje rår over. Enkelt sagt: Du kan ikkje styra det som skjer med deg og i verda rundt deg, men du kan velja korleis du vil reagera på det. Marcus Aurelius gav dette rådet:

Det som har hendt, vil det hindra meg i å vera rettvis, storsinna, beherska, klok, sindig, ærleg? Sei ikkje at dette er ei ulykke, men tvert imot at det er ei lykke å kunna bera dette med djervskap.

Keisaren visste ingenting verken om koronakrisa eller klimakrisa. Men han forstod at mennesket er ein del av naturen, og at me har valet mellom å leva i samklang med han eller på tvers av han. Kriser kjem, og dei gir oss sjansen til å visa oss frå vår beste eller verste side. Resten er opp til oss.

LES OGSÅ: Kan eit lite stykke Noreg løysa klimakrisa?

Kring 20 demonstrantar frå aksjonsgruppa Extinction Rebellion blokkerte inngongen til Klima- og miljødepartementet måndag 17. juni.