Over 1.700 høyringssvar til Klimakur 2030

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 01.06.2020 16:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet. Foto: John Petter Reinertsen

Høyringsfristen gjekk ut 30. april.

– Det er tydeleg at Klimakur 2030 har skapt engasjement. Mange av høyringssvara er grundige og omfattande, og dei femnar breitt over ei rekkje ulike tema, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

51 av høyringssvara er frå kommunar og fylkeskommunar, 190 frå organisasjonar, bedrifter og offentlege verksemder og 1.489 frå privatpersonar.

Svara bidreg til eit betre kunnskapsgrunnlag, skriv direktoratet.

Prega av pandemien

Dei fleste høyringsutsegnene har ifølgje direktoratet hovudmerksemd på verkemiddel og korleis Klimakur 2030 kan brukast i arbeidet med vidareutvikling av klimapolitikken.

Høyringa er òg prega av koronapandemien. Mange peikar på moglegheitene som situasjonen gir for omstilling og at rask endring er mogleg dersom viljen er til stades.

Andre – i hovudsak privatpersonar – har peika på at høyringa for Klimakur 2030 burde ha vore utsett til følgja av koronakrisa er tydelegare.

Ein del av høyringsutsegnene frå privatpersonar trekkjer òg det vitskaplege kunnskapsgrunnlaget i tvil, opplyser Miljødirektoratet.

50 prosent reduksjon

Klimakur 2030 er ei utgreiing av ulike tiltak og verkemiddel som kan gi minst 50 prosent reduksjon i ikkje-kvotepliktige utslepp i 2030 samanlikna med 2005.

Dette omfattar utslepp frå mellom anna transport, landbruk, avfall og bygg og anlegg. Utgreiinga inneheld samfunnsøkonomiske tiltaksanalysar av 60 tiltak.

Rapporten vil bli eit viktig fagleg grunnlag når regjeringa seinare i 2020 skal leggje fram ei stortingsmelding for korleis ho skal nå utsleppsmåla for 2030.

Rapporten vart lagt fram 31. januar.

Rapporten Klimakur 2030 vart lagt fram 31. januar. Han vart overrekt av miljødirektør Ellen Hambro (til høgre). Ved sida av henne sit klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og olje- og energiminister Tina Bru. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK