– Eg har ei lang liste med folk eg har dårleg samvit for ikkje å ha kontakta på lenge. Men i desse virustider er det utruleg kva ein får tid til, skriv Erlend Skjetne.

Erlend Skjetne
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så eg set meg ned ein morgon for å ta ein ringjerunde. Men før eg rekk å slå eit einaste nummer, ringjer telefonen min.

Steinar

Det er Soknedals store son, Steinar Bjørke, som eg kjenner frå lokale verdsmeisterskapar i kortspelet hund. «No er eg ferdig med dagens avis,» seier han. «Klokka er åtte, og eg har ikkje meir å gjera. Eg får ikkje dra på jobb, eg får ikkje dra på hytta. Eg har det så dørgande keisamt at eg like gjerne kan snakke med deg.»

«Så hyggeleg! Men du, no må eg eigentleg leggje på, for eg hadde planar om å ta ein ringjerunde, mellom anna til deg.»

«Den er grei, ja, takk for praten!»

Men når eg ringjer attende eit halvt minutt seinare, får eg ikkje svar.

Georg Anton

I staden prøver eg Georg Anton Sørskag i fiskeværet Titran på Frøya, som eg bruker å kjøpe stingsild og grønkveite av når han kjem inn til Ravnkloa med sjarken sin.

Det går lang tid, eg skal til å leggje på, idet ei diffus røyst mumlar: «Det var på tide, din skamlause oter!»

«God morgon, Georg Anton, vekte eg deg?»

«Står du utanfor?» gryntar han.

«Hæ?» spør eg, med det viktigaste av dei trønderske spørjeorda.

«Eg kjem ut om to minutt,» brummar han, og eg repeterer spørsmålet mitt. «Kvar eg skal?» fnys han. «På puben, vel! Eg tinga drosje for å kunne dra på puben, kvar elles!»

«Kva syslar du med i desse koronatider?» prøver eg venleg.

Eg høyrer lyden av glas som blir knust. «Dårleg kvalitet,» snøftar Georg Anton, «feilproduksjon frå fastlandet! Og ikkje snakk til meg om nokon fordømt korona, det er framleis eit fritt land vi bur i! Det må vera lov å ta seg ein øl og ein kolokvinter. Kva trur du har halde meg frisk som ein ufisk i alle desse åra? Jo, det skal eg seia deg: Ingenting anna enn rogn og lever, rogn og lever og gamalsalta sei og øl, øl og brennevin og tran! No kjem eg ut, di sjølvdaude håkjerring, og så køyrer du meg for svarte svingande til puben på Sistranda! Skip ohoi, di senile tanglus!» Summetone.

Roger

Lettare demotivert ringjer eg vidare til Roger Rakkedal, ein tilfeldig fyr som byrja snakke til meg på bussen ein gong, og som eg sidan ikkje har vorte kvitt. Han er utdanna ved livets harde skule, og er for tida praktikant ved same institusjon i Pattaya, Thailand. Akkurat idet eg ringjer, er han midt i ei setning.

«… har alltid synst på kinesarane, fordi dei er så stygge. Men no må vi kalle ein spade for ein spade! Dei et jo kva som helst, dei folka! Éin ting er flaggermus, det kan vel neppe overraske nokon at dei et flaggermus, dei som et sine eigne hundar og kattar levande. Men menneske et dei òg! Eg kan sende deg link om du ikkje trur meg, til eit bilete av ein kinesar som står og krydrar eit abortert foster. Kinesiske myndigheiter oppfordrar til å eta daude slektningar for å frigjera plass i landet! Kina er så fullt folk av folk at ein kan sjå dei frå månen, veit du dét? Om dei alle hoppar samstundes, spinn jorda ut av banen sin. Men han er ikkje dum, Ping Pong eller kva han heiter, presidenten deira: Han forstår at den beste måten å styrkje Kinas posisjon på, er å sende virus ut i verda. Dei har gjort det før! Ta svartedauden, til dømes. Du tenkjer sikkert at han kom frå Afrika, på grunn av namnet, og det stemmer at det var somaliske båtflyktningar som førte pesta til Bergen. Men opprinneleg kom svartedauden frå Kina! Dei var mørkare i huda den gongen. Har du forresten høyrt om Den gule flod? Dei åt slimål og sjøstjerner og alt mogleg svineri derifrå, fekk gulsott og vart gule. Så sende dei den sjukdommen òg ut i verda, med teknologi og nudlar og alt det der. Spanskesjuka, du trur sikkert at ho kom frå spanjakkane? Nei då, det var kinesarane det òg, som –»

«Interessant!» bryt eg inn. «Men du, eg køyrer inn i ein tunnel, eg no, eg trur eg mister deg! Du blir veik, veikare, veikast…» Eg trykkjer på det raude røret.

Gamalonkel Holger

Neste på lista er han Holger Hovlik Skjetne, furugrandonkelen min i Vuku i Verdal. «Er det noko nytt?» byrjar eg langsamt og tydeleg, for han er litt tunghøyrd.

«Nytt?» hånler han. «Vel, det er no ny dato kvar dag!»
«Kva trur du om dette viruset som har kome til landet då?» kaukar eg.

«Kva kalla du det?»

«Viruset!»

«Jau, vi ruslar nokre turar når det er opphalds. Elles har eg no hemoroidane då, veit du, og gikta. Så det blir no helst så eg –»

«Det var koronaen eg tenkte på! Du har berga for koronaen?»

«Kor ho er hen? Nei, gikta er no både høgt og lågt ho, det er hustrige greier. Og hemoroidane, jau, dei –»

Eg overlèt røret til den eitt år gamle dotter mi, går og vatnar kaktusen.

Klemet Klemet

No har eg heldigvis berre eitt namn att på lista: Klemet Klemet Klemetsen Utsi var den næraste grannen min, berre sju kilometer unna, den gongen eg arbeidde som sokneprest i Luftjok i Finnmark. «Gamle bisam,» innleier eg, «er du heime eller på fjellet?»

«Jeg er nu her.»

«Korleis går det med deg?» fylgjer eg opp.

«Jo da.»

«Du er ikkje smitta av viruset?»

«Jo da.»

«Verkeleg?!»

«Ja, jeg tror det.»

«Så du har vore hjå lækjar og fått det påvist?»

«Lege? Her er ingen lege.»

«Men du har ikkje vore hjå lækjaren inne i Tana bru og sjekka deg?»

«Her var en lege i fjor sommer, han kom sørfra. Han lengtet hjem, så han hengte seg.»

«Så frykteleg! Og ingen har overteke stillinga hans?»

«Nei, det tror jeg ikke.»

«Men korleis veit du at du har viruset då?»

«Jeg så det i kaffegruten.»

Eg byrjar bli smånervøs. «Då må eg berre ynskje deg riktig god betring!» stotrar eg.

«Jo, takk det samme, du.»

«Vi høyrest!»

«Jo da.»

Dei hevdar at koronaviruset ikkje smittar gjennom telefonisk kontakt, men eg veit ikkje lenger kva eg skal tru.

Eg tek meg ein solid akevitt for å desinfisere munnen. Eg vaskar av telefonen med same væske, og pælmar han ut i lyngen bak huset. Dotter mi får ein Gammeldansk, som er mildare på smak.

Les fleire tekstar av Erlend Skjetne her!

LES OGSÅ: Kunsten å livsmeistre

Erlend Skjetne kjenner seg topp motivert for å møte alle dei spennande og framoverlente menneska i dei dynamiske prosessane som utgjer kvardagen hans. Foto: Colourbox