Kunsten å livsmeistre


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg skal vedgå at eg lenge var som andre menn. Men det å vera sambuar med ei kvinne, ha ei stor overvekt av kvinnelege kollegaer og møte mange kvinner i helsevesenet og andre delar av offentleg sektor, har lært meg mykje om kva ein mann kan vera – om han greier å skapa gunstige energifelt ikring seg.

Sjå deg sjølv, gjennom andre

Vi kan jo byrja på jobben, denne løna aktiviteten dei fleste ynskjer å bruke som ei brekkstong for optimal sjølvrealisering, men der mange opplever minimal meistring og låg personleg måloppnåing.

På eit sjukt motiverande motivasjonsseminar for alle tilsette i den opne, kompetente og modige kommunen eg arbeider i, sa ein framoverlent coach noko veldig robust: «I ein hektisk arbeidskvardag må vi tore å sjå kvarandre som individuelle personar og heile individ, og vi må våge å vera eit medmenneske!»

Eg skal vedgå at eg lenge var som andre menn.

Inspirert av hans filosofi, helsar eg ikkje lenger på kollegaene mine med eit slapt «morn» når eg møter dei. Tvert imot ropar eg ut:

«Gudrun, du autonome og fleksible arbeidsmaur, så hyggeleg å sjå deg!»

«Olise, du dynamiske oppkome av endringsvilje, riktig god morgon til deg!»

«Jill Trude, du prososiale kommunalt tilsette, har mannen din servert deg den saftige frukosten du fortener?»

Det er neppe naudsynt å nemne kor robust arbeidsmiljøet vårt har vorte som fylgje av denne enkle teknikken.

I klasserommet, der eg tilbringer det meste av arbeidsdagen, må ein søkje å etablere den same prososiale atmosfæren. For å sitere ein dekorert forskar innan pedagogikken: «Når de er i en positiv flow i forhold til humør, opplever elevene en sterkere følelse av achievement i forhold til in-depth learning.»

Vi byrjar difor kvar dag med å aktivere hjernens entusiasmelekam – som har direkte nervebanar til prestasjonssenteret – gjennom oppgåva: «Nemn dei tre beste tinga som har skjedd deg sidan i går, og forklår kvifor dei skjedde med akkurat deg!» Oppgåva tek dei fyrste 45 til 90 minutta av alle økter, men ho er verd kvar sekund.

Bruk tid på relasjonane

Som de forstår, kjem mykje an på korleis ein vinklar eit spørsmål. For å avansere til det domestiske domenet, er det velkjent at mange kjem heim til partneren sin om ettermiddagen og mumlar:

«Korleis var dagen din?» – for deretter å gje blaffen i svaret.

Men eg bed Mari Guri om å setja seg ned i lag med meg, og ser ho djupt inn i augo idet eg spør:

«Kva var det beste ved dagen din i dag, og kvifor skjedde dette med akkurat deg?»

Det spelar inga rolle med grytene som kokar over, vesle Birgit som skrik: Ho får ikkje reise seg før ho har tenkt seg grundig om, og svara meg fleksibelt og dynamisk. De anar ikkje kor mykje energi denne enkle profylaktiske rutinen har tilført relasjonen vår!

No er det lett å tru at eg alltid er 110 prosent robust både som menneske og mann. Men jamvel eg har mine dårlege dagar, der eg berre er 100 prosent.

No er det lett å tru at eg alltid er 110 prosent robust både som menneske og mann. Men jamvel eg har mine dårlege dagar, der eg berre er 100 prosent. Noko anna ville jo vore rart, i det dynamiske livet til ein småbarnsfar! Som alle andre har eg prøvd å berre vræle, samanhengande i ein time. Eg har prøvd å dundre neven i bordplata, kaste ting i veggen, klatre opp i eit tre og sitja der i eit døgn. Ingen av delane er særleg konstruktivt, ifylgje Mari Guri.

Ord for kjensler

Ho har i staden føreslått at eg skal setja ord på kjenslene mine, som jo er akkurat det eg gjer her og no. Ta til dømes dette med at dottera vår Birgit vaknar kringom ti gonger per natt, og at berre eg søv lett nok til å vakne av spetakkelet hennar, medan Mari Guri drøymer vidare: Når morgonen renn, har eg tidvis vore mutt eller biskt orientert, slamra med dører og liknande. Slikt er ikkje bra!

No smiler eg heller, idet fleksibelt og proaktivt forklårar:

«Akkurat no føler eg på ein negativ energi, sannsynlegvis fordi eg er relativt trøytt og sliten. Det har truleg samanheng med at eg har opplevd låg meistring i forhold til dette med svevn. Ei mogleg løysing på problemet er at eg legg meg endå litt tidlegare i kveld. Då er det von om å få heile fem timar svevn, og eg vil vera i eit meir konstruktivt humør i morgon.»

«Så flink du er!» strålar Mari Guri.

«Forresten fint om du kan handle i ettermiddag, hente Birgit i barnehagen, ta ut av oppvaskmaskinen, laga middag, skifte på sengene, støvsuge golva og setja på ein klesvask. Eg skal jo møte Isabella og Gabriella for nokre vinglas etter jobb, som du sikkert hugsar. Men du kan jo sjå Dagsrevyen og kose deg med ein kopp fermentert grøn te før du må leggje deg?»

«For ein proaktiv idé!» svarar eg.

«Tusen takk, min dynamiske og framoverlent relasjonsbyggjande livspartner. Ha ein prestasjons- og meistringsfremjande dag på jobb, og ein trivsels- og psykisk robustheitsfremjande kveld med venninnene!»

Så går eg ut døra, topp motivert for å møte alle dei spennande og framoverlente menneska i dei dynamiske prosessane som utgjer kvardagen min. Vil ikkje du òg ha det slik?