Når isen flyttar seg, må selen følge etter – rett i gapet på isbjørnen

Og det er berre éi av utfordringane i selen sin nye kvardag.

Framtida
Publisert
Oppdatert 22.04.2020 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet, og er gjengjeven med velvilje.

Klappmyss og grønlandssel er begge isavhengige selar.

Ungane deira blir fødde på isen og må die der i dagevis til dei er sjødyktige.

På isen skiftar dei vaksne selane pels og kvilar mellom svømmeturar.

Men det blir mindre is i Vesterisen

Iskanten i Vesterisen er no i snitt 270-370 kilometer nærmare land enn før. Det betyr trøbbel for grønlandssel og klappmyss som skal yngle.

– Historisk yngla selane på iskanten langt uti i Atlanterhavet, men no hamnar dei ved kysten av Grønland, midt i jaktmarkene til isbjørnen. Den et no langt meir av desse selartane enn tidlegare, forklarer sjøpattedyrforskar Tore Haug.

Grønlandsselungane (kvitungar) må die på isen i 12 dagar før dei er sjødyktige. Då er dei sårbare for rovdyr. (Foto: Gunnar Sætra / HI)

Samtidig er drivisen mindre tett.

– Det betyr fritt leide for spekkhoggarar, som kjem tett på dei nyfødde eller kvilande selane. Her er det berre å forsyne seg, seier forskaren.

Freding gav ikkje fleir selar

Tore Haug

Klappmyss har vore freda sidan 2007. Bestanden er truleg under ti prosent av kva den var i 1946, no berekna til om lag 76.000 dyr i Vesterisen.

Forskarane trudde ein stopp i fangstingen ville gi meir sel.

– Vi ser ingen teikn til betring. Klappmyssen har ikkje greidd å hente seg inn igjen. Ungeproduksjonen held seg låg, seier Tore Haug.

Toler uår, men ikkje kvart år

Forskaren trur endringane i isen er del av forklaringa.

– Selane lever lenge og toler eit og anna dårleg år. Men når dette er regelen heller enn unntaket, vil det truleg påverke bestandane på sikt, seier han.

Dersom selane finn is i dei tradisjonelle yngleområda sine, ser det ut til at dei ynglar der sjølv om isen har dårleg kvalitet. Då kan dette skje:

Om dårleg is sviktar før selungane er klare for å gå i sjøen, kan det føre til massedød. Som her i canadiske farvatn. (Foto: Garry B. Stenson / Canadian Department of Fisheries and Oceans, etter avtale)

Framskyndar selteljing

Grønlandsselbestanden er berekna til om lag 430.000 dyr i Vesterisen etter siste teljing i 2018. Dette er ein reduksjon på rundt 35 prosent sidan førre teljing i 2012.

Grønlandsselen reknar forskarane det som forsvarleg å fangste, enn så lenge.

For å kunne gjere slike anslag, må forskarane dra ut i fly eller helikopter og telje selungar på isen i yngleperioden. Førre teljing var i 2018 og neste er planlagt i 2022.

– Teljinga er framskynda med eit år nettopp fordi vi er uroa for utviklinga, seier Haug.

Foto: John Elling Deehr Johannessen/via Havforskingsinstituttet