YouTube og Snapchat mest populært blant dei under 18 år
Nesten alle norske barn og unge i alderen 9–18 år bruker YouTube (95 prosent), medan 80 prosent er Snapchat-brukarar, viser ei kartlegging frå Medietilsynet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
3.395 barn og unge over heile landet har svart på Medietilsynets årlege undersøking «Barn og medier» 2020.
97 prosent av dei svarar at dei har eigen mobil.
I tillegg til Snapchat og YouTube svarar mange at dei bruker TikTok (65 prosent) og Instagram (65 prosent). Omlag halvparten bruker Facebook.
90% mellom 13-18 år har Snapchat
– Delen som bruker Snapchat, aukar betydeleg med alderen til borna – frå 29 prosent av 9-10-åringane, til 71 prosent av 11-12-åringane og godt over 90 prosent av 13-18-åringane, skriv tilsynet i gjennomgangen av tala.
Éin av tre av dei som bruker Snapchat, Tiktok eller Instagram, seier at dei deler ein video på ein av desse plattformene kvar dag.
Fleire gutar enn jenter har spelkonsoll
Totalt 81 prosent av 9-18-åringane har ein spelkonsoll kopla til TV heime (Xbox, PlayStation eller liknande).
Delen gutar som har dette, er på 93 prosent, medan delen er på 68 prosent blant jentene. Denne kjønnsforskjellen er tydeleg i alle aldersgrupper.
6 av 10 liker noko kvar dag
I aldersgruppa 13–18 år svarer 86 prosent at dei har mykje kontakt med vennene sine i sosiale medium. 71 prosent i denne gruppa opplever å få mykje reklame i sosiale medium.
Det barn og unge gjer oftast på sosiale medium, er å like noko. Seks av ti 9-18-åringar liker noko kvar dag, medan nesten åtte av ti gjer dette minst kvar veke.
Deler dagleg bilete med eige ansikt
36 prosent av dei svarer at dei dagleg deler eit bilde eller ein video der ansiktet deira blir vist.
– Det er ein generell tendens til at barna gjer dei ulike aktivitetane i meir utstrekt grad jo eldre dei er: 15-18-åringar gjer i størst grad aktivitetane på sosiale medium kvar veke eller oftare, konkluderer Medietilsynet.
Ser etter ting å kjøpe på nett
Over halvparten av 9-18-åringane søker dagleg etter informasjon på nett, og meir enn åtte av ti gjer det minst kvar veke.
Åtte av ti bruker nettet til lekser og skolearbeid minimum kvar veke.
Til slutt går det an å ta med at over halvparten av 13-18-åringane ser etter ting dei kan kjøpe på nett, minst kvar veke. Men det å faktisk kjøpe noko er mindre vanleg. Fleirtalet seier at dette er noko dei gjer sjeldnare enn månadleg, eller aldri.
Det er Sentio Research som har gjort undersøkinga på vegner av Medietilsynet.
- Les også om digital detox: Når Daniel (23) kjenner det blir for mykje, deaktiverer han Messenger