Meta stenger Instagram og Facebook for tenåringar om natta

Selskapet bak dei sosiale media må gjere store endringar etter eit søksmål i USA.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Nattestengde appar, to timars dagleg grense og skjulte likes er blant endringane Meta må innføre for dei under 18 år. Det melder tek.no.

Selskapet bak dei populære sosiale media Instagram og Facebook har inngått eit forlik i ei stor rettssak i USA.

Stor rettssak

29 delstatar skulda selskapet for å vere skadeleg for barn og unge. Dei kravde erstatning på opp til 9500 milliardar kroner for brot på lover som beskyttar barns personvern, og for avhengnadsskapande produkt retta mot unge, skriv NRK.

No har Meta inngått eit forlik med 52 amerikanske statsadvokatar.

I tillegg til tiltak for å verne barn på appane, skal Meta betale 18 milliardar dollar (rundt 169 milliardar kroner) til delstatane.

📲  Nokre av endringane retta mot brukarar under 18 år:

  • Tidsgrense: Ei dagleg tidsgrense på to timar som tenåringar berre kan slå av med løyve frå ein forelder. Grensa gjeld på tvers av Facebook og Instagram.
  • Nattmodus: Appane vil vere stengde mellom midnatt og kl. 6 på morgonen.
  • Skulemodus: Varsel vil bli slått av mellom kl. 8 og 15 på skuledagar.
  • Tenåringar vil få varsel etter å ha brukt appen samanhengande i 15 minutt, og etter til saman 60 og 90 minutt.
  • Moglegheit til å velje ein feed utan algoritmar, og til å skru av automatisk avspeling av videoar.
  • Likes og reaksjonar blir skjulte, både på eigne og andre sine innlegg.
  • «Ekstreme sminkefilter» blir blokkerte.

Kjelde: tek.no og Meta

Vil ha med TikTok

Det er uklart om Meta også kjem til å innføre tiltaka i Noreg og andre land enn USA.

– Dette sender eit tydeleg signal om at tekselskapa må ta større ansvar for korleis plattformene deira påverkar born og unge, uttalar barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) til NRK.

Men Meta vil ikkje vere aleine om å gjere endringar retta mot tenåringar. Dei ber TikTok og YouTube innføre dei same tiltaka. Dei vil ikkje betale heile summen i forliket med mindre dei andre sosiale media følgjer etter.

– Sjølv om dette er eit viktig steg, er faktum at tenåringar bevegar seg mellom dusinvis av appar i løpet av dagen. Alle plattformer bør støtte foreldre og tenåringar ved å innføre dei same tiltaka, for vi veit at om tenåringar blir avgrensa på éin app, går dei berre over til ein annan, skriv selskapet.