Hedda (26) er stjerne i eit «mikrodrama»: – Shit, kva er eigentleg dette her?

Små drama som fyller heile mobilskjermen tek over på TikTok, og no har Noreg fått sin eigen variant.

Åshild Slåen
Publisert

– Det har vore veldig gøy å spele i dette her. Eg har vorte veldig glad i June, ho er jo ganske lik meg på nokre ting. Vi er surrete begge to og er litt people pleasarar.

Det seier Hedda Gundersen Gullikstad når Framtida sin journalist møter ho på NRK på Marienlyst i Oslo. Ho er stjerna i den nye serien 21 dager, der hovudpersonen June får beskjed om at ho skal døy om 21 dagar. Tida ho har att går til å prøve å stå opp meir for seg sjølv og finne ut av kva ho eigentleg vil, enten det er keramikkurs eller å ta tatovering i panna.

Serien har 21 episodar, som er ei ganske normal lengde på ein vanleg sesong. Likevel er det to ting som gjer at dramaet skil seg frå alt anna NRK har laga tidlegare:

Det er filma i ståande format, og passar betre på ein mobilskjerm enn ein TV-skjerm.

Ein episode er på det meste to og eit halvt minutt, dei fleste endå kortare.

– Ein må ha tunga rett i munnen. Eg har spelt inn seriar der det tok 45 dagar å spele inn ein sesong. Her tek det sju dagar, så det er ein ganske ulik prosess, fortel Gullikstad.

@nrknestestopp

Hva hadde deres reaksjon vært? Skriv i kommentarfelt😀👍 #nestestopp #21dager #mikrodrama Du kan se hele sesongen i NRK TV!

♬ original lyd – 21 dager

Ein milliardindustri

Det knappe formatet heiter «mikrodrama», og tek inspirasjon frå fenomenet som har teke over visse hjørne av sosiale medium, også kalla «Vertical Dramas».

Då ho fekk beskjeden, syntest Gullikstad det var kjempestas å få rolla. Samstundes måtte ho setje seg inn i noko fullstendig ukjent.

– Ein er sånn, herregud så gøy, og så tenker ein, shit, kva er eigentleg dette her? Det er noko heilt nytt.

Kina dominerer marknaden, men formatet har spreidd seg til andre land, inkludert USA og Europa, samstundes som kunstig intelligens har fått fart på industrien. Ifølgje CNBC produserte Kina 128 000 slike drama dei første tre månadane i 2026, og 95 prosent av desse var KI-genererte. Marknaden skal vere verdt rundt 100 milliardar kinesiske yen, eller rundt 140 milliardar norske kroner.

Og forteljingane? Dei er engasjerande, overdrivne, og liknar aller mest på den klassiske såpeopera-sjangeren. Enten det er eit kinesisk pallassdrama ved eit keisarleg hoff i ein ubestemt tidsepoke, eller intrigar med styrtrike sjefar, arrangerte ekteskap og hemmelege arvingar, så gjer dei låge budsjetta og det avgrensa tidsformatet på episodane det enkelt å produsere underhaldninga, sjølv utan KI.

Frå haldningskampanje og reklame til NRK

Det første forsøket på ein slik serie i Noreg, så vidt Framtida.no kan finne, er TikTok-serien «Toxic» frå 2022. Serien vart produsert av Ramp kommunikasjon i samarbeid med organisasjonen Ros (Rådgivning om spiseforstyrrelser), og hadde som mål å løfte kunnskap om og engasjement for eteforstyrringar blant unge menn.

Serien fekk 5,5 millionar visningar og organisasjonen merka at fleire tok kontakt med dei.

Seinare har det blitt vanlegare med slike seriar som merkevareunderhaldning frå forskjellige selskap, fortel Caroline Glomnes, når ho møter Framtida ved NRK.

– Dei lagar mikrodrama i staden for å lage tradisjonell reklame, fordi dei veit at unge menneske er vakse opp med å bli reklamerte til heile tida. Dei har blitt pusha på reklame og folk som skal selje dei ting heile livet, så dei hatar reklame, seier Glomnes.

Ho er regissør for 21 dager. Glomnes er kjent frå 2023-serien Cammo, men hennar første regiprosjekt var serien «Kaos», ein mikroserie for Rema 1000 som handlar om eit ganske kaotisk kollektiv.

@rema1000

#detenkleeroftedetbeste – Emma trenger et sted å bo 🏡 #kaos er en #humorserie om livet i et kollektiv. #rema1000

♬ original sound – REMA1000

Glomnes set pris på å få stå bak NRK sitt første forsøk på eit slik prosjekt.

– Det å kunne lage innhald som eg meiner er bra, og som kan få unge menneske til å le, få nye perspektiv og noko å tenke på, på ei plattform som TikTok, det synest eg er superinspirerande.

Ho ser for seg at vi vil sjå fleire mikrodrama framover.

Kampen mot ei kort merksemd

Men forsvinn det noko når vi går frå å sjå på underhaldning på ein stor skjerm …

… til ein liten?

– Vi er blitt for bortskjemte med tilgangen på underhaldning via strøymetenester, og blir avhengige av kortformat, skriv Mathilde Wedde i ein e-post til Framtida.

Saman med venninna Nora Gjestvang utgjer dei to duoen Chikkflikk, som deler kinodagboka si på TikTok og i podkasten sin. Dei starta prosjektet i 2025 for å sjå meir på kino sjølv, og oppmode andre til å gjere det same.

Ifølgje SSB gjekk 62 prosent av nordmenn på kino i 2025, som er ti prosentpoeng lågare enn i 2016. Nora Gjestvang trur underhaldninga vi får inn andre stader, gjer noko med kinovanane våre.

– Folk blir meir vane med det kommersielle, både frå TikTok og film, som gjer det nesten uuthaldeleg for enkelte menneske å sjå ein «litt rar kunstfilm», skriv Gjestvang til Framtida.

Ho meiner det å sjå gjennom ein heil kinofilm, utan å plukke opp mobilen, handlar om å ta vare på kor godt fokuset ditt er.

– Heime i stova kan vi alltid skru av filmen og setje på ein ny viss den ikkje var «perfekt», men poenget med film er ikkje at det skal vere perfekt – dei skal berre gi deg eit nytt perspektiv, ein morosam kveld, motivasjon til ditt eige liv, eller stille deg nokre vanskelege spørsmål som du kan ta med deg vidare.

– Det er jo veldig normalt at ein skrollar på telefonen samstundes som ein ser på TV! Det er heilt sjukt, skriv Mathilde Wedde.

Kan erstatte sminkevideoar, men ikkje popkorn i kinosalen

Mikrodrama er nytt for Wedde.

– Eg er på ein måte litt skeptisk, samstundes som eg forstår forsøket til for eksempel NRK om å vere innovative og bli med på utviklinga. Vi lagar jo videoar på sosiale medium sjølv med litt same tanke; at vi må nå ut til eit yngre publikum og drive med filmpromotering på ein nytenkande måte, skriv ho vidare.

Gjestvang er einig i at konseptet ikkje kan ta over for filmen, men at underhaldning på sosiale medium skal vere litt meir upolert, og viser til profilar som @veronika_iscool, som har hatt eit slags mikrodrama gåande i fleire år, og som nyleg har samarbeida med sketsjeprogrammet Saturday Night Live.

– Om desse mikrodramaa etter kvart klarer å erstatte sminkevideoar og fake news, så er jo det nydeleg, men eg trur at den som konsumerer, treng noko autentisk og relaterbart.

Og underhaldning på mobilen medan du tek bussen heim, blir ikkje det same som popkorn i kinosalen, skriv Wedde.

– Kino vil alltid vere den mest optimale måten å sjå filmformatet, meiner eg. I eit mørkt rom, utan varslingar frå telefonen, åleine eller med ein god ven og fullt fokus

Ja takk, begge delar

Både Hedda Gundersen Gullikstad og Caroline Glomnes heiar på at mikrodrama kan vere noko som kjem i tillegg, ikkje som ei erstatning til anna tradisjonell underhaldning.

– Eg synest vanlege dramaseriar er kjempeviktige. Vi må ha mikrodrama, men også LIS, seier Gullikstad.

Ho peikar også på den avgrensa innspelinga med få moglegheiter til å filme ei scene mange gonger, og eit stramt budsjett. Låge kostnader gjer det enklare å slenge ut pilotprosjekt, men påverkar også lønna til skodespelarane, og alle andre som jobbar på produksjonen.

Samstundes trur ho behovet for kortare innhald er genuint, og peikar på tilbakemeldingar frå unge sjåarar som fortel at 21 dager er den første serien der dei har sett ein heil sesong ferdig.

– Så ja takk, begge delar!

Caroline Glomnes kan stadfeste at det ikkje var veldig artig å ha eit lite budsjett og avgrensa med tid til innspeling, men nokre av dei andre avgrensingane var ei spennande utfordring, som ein ikkje får med andre prosjekt.

– Det er jo ei veldig lang ikkje-liste på TikTok over kva du får lov til å vise, som sjølvsagt legg føringar for kva slags historie du kan fortelje.

Vald og blod, sex og nakenheit, banning, spesielt på engelsk, og alkohol og anna rus, alt dette vart utelukka når episodane skulle sleppast jamleg på TikTok, elles kunne dei bli straffa av algoritmen.

– Det påverkar historier, men eg har tenkt at om eg ikkje klarer å lage ei god historie utan vald, sex og alkohol, då er eg kanskje ikkje god nok, seier Glomnes.

Innhaldet må også vere stramt, fordi ein på TikTok har mellom eitt og to sekund før sjåaren fell bort, og kvart sjuande sekund vurderer sjåaren om dei skal skrolle vidare, fortel regissøren.

– Det er jo brutalt, men det er også ein eller annan sjuk leik.

Og målet er tydeleg: NRK vil nå ut til dei unge. Medan episodane kjem etter kvart på TikTok-kontoen, ligg heile sesongen klar i NRK-appen eller nrk.no.

– Dette er eit testprosjekt. The master plan er jo å få dei unge tilbake på NRK, men når dei ikkje er på NRK, så kan ein heller ikkje sitje på NRK og lage innhald som dei unge ikkje veit at finst, avsluttar Glomnes.