1 av 2 mannlege studentar sjekkar seg ikkje for kjønnssjukdom når dei får ny partnar
Nær halvparten av mannlege studentar seier at dei droppar å sjekke seg for kjønnssjukdommar ved partnarbyte, viser undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
33 prosent av norske studentar testar seg ikkje for kjønnssjukdommar kvar gong dei byter seksualpartnar, viser ei undersøkinga som Sentio har utført på vegner av Universitas og Norsk Studentorganisasjon (NSO).
Sjekkar du deg for kjønnssjukdom når du får ny partnar?
Sjekkar du deg for kjønnssjukdom når du får ny partnar?
Fleire kvinner sjekkar seg
Det er samtidig fleire menn enn kvinner som droppar å sjekke seg. 45 prosent av mannlege studentar svarer at dei ikkje sjekkar seg for kjønnssjukdommar ved kvart partnarbyte, mot 32 prosent av kvinnene.
Vidare seier 36 prosent av studentane at dei sjekkar seg for seksuelt overførbare infeksjonar ved partnarbyte. 29 prosent av mannlege studentar og 34 prosent av kvinnelege studentar svarer dette.
7 prosent av respondentane har valt å ikkje svare på spørsmålet, medan 24 prosent svarer at dei ikkje har bytt partnar.
Les meir om temaet:
- P-piller, kondom og prevensjon. Kven har ansvaret: sokkelause gutar eller naive jenter?
- Veit du forskjellen på myter og sanning? Dette er 15 utbreidde mytar om prevensjon
- Noreg på europatoppen i kjønnssjukdommar: – Dei fleste har hatt klamydia
- Visste du at ungdomspartia vil ha gratis prevensjon? – Vaksne forstår ikkje kva sex er for unge i dag
Les også intervjuet: – Storsamfunnet må anerkjenna at alle har ein seksualitet – gjennom heile livet