«Det verkar som ein er reddare for å blir gravid enn steril. Kven har vore med på å gjere det slik?» spør Emilie Hansen.
mm

Det har kome fram ei rekkje historier. Og der er ein del faktorar som går igjen uavhengig av kvar, kven og når. Kanskje veit du allereie kva eg snakkar om?

«Please da, det er jo ikkje det same. Det følast ut som å ha på seg ein sokk.»

Mange starta i tidleg alder med hormonell prevensjon, som oftast p-piller. Ofte var dette på grunn av for lite eller feil informasjon om dei andre typane.

«Skal du starte på p-piller?», var eit spørsmål alle fekk anten av venninner eller guten ein heldt på med. Det begynte å bli seriøst, så no var det på tide å starte på hormonell prevensjon. For det var vel slik det skulle vere? Eller?

Fyrste månaden/-ane var det fleire som følte at alt og alle gjekk i mot dei, og nokon var nære å slå opp med kjærasten.

– Kvifor er eg saman med han eigentleg?

– Vent litt, er ikkje du på fyrste månaden din?

– Jo?

Hormona var i ubalanse, noko som kunne gå hardt utover ein sjølv og dei rundt ein.

Det som kom fram etterkvart var at guten ville jenta skulle gå på p-piller slik han ikkje trengde å «hoppe av i svingen», eller bruke kondom. For om jenta går på p-piller blir jo ho ikkje gravid, så då er jo det trygt. Not.

Avhengig av når i syklusen ein startar, så kan det vere ei periode i starten av p-pillebruken der ein ikkje er heilt trygg i frå å bli gravid. Derfor blir ein anbefalt å anten ikkje ha sex eller bruke kondom, til ein har gått på pilla i ei vekes tid. Men no er ein jo så nære fristen, så må vi bruke kondomet?

Må vi bruke kondomet?

«Eg kjenner jo når eg kjem, og eg trekk meg jo ut før den tid.»

Okey, så han kjenner det før han kjem: fint, flott. Det fører til neste litt kleine spørsmål: har han nokon kjønnssjukdommar.

– Eg har ikkje noko.

– Har du sjekka deg da?

– Nei, men eg kjennar jo det. Stolar du ikkje på meg?

Jo, jo. Stolar på han, det gjer ein. Sjølvsagt.

Seinare har scena endra seg; venninnegjengen er eldre, nokon erfaringar rikare. På godt og vondt.

Det er no ei sjølvfølgje at jenta går på ein eller annan form for prevensjon. Og det verkar som ein er reddare for å blir gravid enn steril. Kven har vore med på å gjere det slik? Sokkefrie gutar, og naive jenter?

Vi diskuterer også dette i gjengen. Nokon synast det er flaut å ta det opp: stoppe, sette alt på pause for å spørre om ein skal bruke kondom. Det er jo ikkje så rart, for svara ein får varierer veldig.

– Har du kondom?

– Nei.

– Okey, då stoppar vi.

– Vent da, eg har.

I tillegg til å passe på å ta pilla til rett tid kvar dag, er det no fleire som også passar på å ha kondom tilgjengeleg. Det er no jenta sitt ansvar, dette òg. Og om noko skulle gå gale, kven er det som kjøper angrepilla?

Det er ikkje alle som tenkjer slik, sjølvsagt. For å ha sex med kondom er jo langt i frå like godt, sant? Så om ein brukar kondom er ein jo heilt idiot, gammaldags, «prude». Det er kult å ha sex for å måtte sjekke seg dagen etterpå for klamma, gonoré, mykoplasma og til og med HIV. Ein lever litt på kanten. Kjempekult.

Desse flirar òg av dei som føretrekk å ikkje vakne med ei sviane kløe i underlivet. Ja, for det er dei som kjem tapande ut av det: dei utan antibiotikakur.

Kva er kulast: klamydia eller kondom?

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no

Prosjektleiar i Unge funksjonshemmede, Anette Remme, er èin av tre nominerte til Skamløsprisen 2019.
Oppdatert: tysdag 17. september 2019 15.51

LES OGSÅ

MEIR FRÅ EMILIE

Kommentarar

ANNONSE