Noreg er på europatoppen i kjønnssjukdommar. Likevel blir ikkje kondomen tatt på alvor.

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk er ikkje redde lenger, dei fleste har hatt klamydia. Det er ikkje lenger noko folk bekymrar seg for, seier Marianne Breivik.

Ida-Marie Breivik Kristiansen (25) trur mange tenkjer at det ikkje er så viktig med kondom sidan klamydia er lett å behandle.

Mariann Breivik og Ida Marie Kristiansen trur at større tilgjengelegheit til kondom vil føre til at fleire brukar det. Foto: Emilie Hansen

Dei to systrene meiner at latskap, menn som ikkje er glad i å bruka det, og at det er kleint kan vere andre grunnar til at nordmenn er dårlege på kondombruk.

– Ordet i seg sjølv er jo kleint, flirar Kristiansen.

Les meir: – Når vaksne pratar alvor om sex, så pratar dei til jentene

Europatoppen i kjønnssjukdommar

Ifølgje Forskning.no er vi på europatoppen når det gjeld talet på personar smitta av kjønnssjukdommar. Noreg er på tredjeplass når det gjeld klamydia, og ein solid femteplass når det gjeld syfilis og gonoré.

«Bruk kondom»–kampanjen frå Helsedirektoratet var å finne i gatene og på sosiale medium i vår og sommarmånadane 2018. Målet med kampanjen vår å få fleire til å bruke kondom, og var ein del av Helsedirektoratet sin strategiplan for 2017-2022.

Foto henta frå: Helsedirektoratet

Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Arild Johan Myrberg, er fornøgd med fjorårets haldningskampanje. Foto: Helsedirektoratet

Arild Johan Myrberg, avdelingsdirektør ved Helsedirektoratet, seier dei er fornøgde med den målte effekten av kampanjen.

– Målgruppa hadde fått med seg kampanjen og bodskapen, og fleire svarte positivt når det kom til om dei trudde det ville bidra til endring.

Les meir: Gonoré og syfilis aukar framleis i Noreg

Fleire med gonoré

I strategiplanen blir det lagt fram at vi har det lågaste talet nokon gong på abort, og at talet på nye HIV-smitta er synkande. Likevel er det høge smittetal for klamydia og syfilis, og aukande tal for personar smitta av gonoré.

I 2008 testa 300 positivt for gonoré, eit tal som auka til 1600 i 2016.

Myrberg er ikkje sikker om det stemmer at vi er så høgt oppe på lista. Han påpeikar at det er stor forskjell i korleis ein registrerer og testar for kjønnssjukdommar i dei forskjellige europeiske landa.

Høge klamydiatal

Myrberg legg til at spreiing av informasjon også er viktig i arbeidet mot kjønnssjukdommar.

– I botnen må der vere kunnskap slik ein veit tilstrekkeleg for å kunne ta betre slutningar.

I planen frå Helsedirektoratet er strategiane for å førebygge seksuelle overførbare sjukdommar:

  • Økt kondombruk
  • Test og smittesporing
  • Tidleg og riktig behandling

Les også: – Undervisinga er altfor dårleg i dag

Treng informasjon og holdningsendringar

– Grunnane til dei stabilt høge smittetala er nok ein kombinasjon av høg testfrekvens og manglande kondomvanar hjå unge vaksne, trur Myrberg.

Før «Bruk kondom»-kampanjen vart det gjort ei undersøking av Helsedirektoratet med 500 personar i alderen 16-25.

Ein av kategoriane var «Forestilling om kondombrukere». Gutar som «alltid bruker kondom» vart oppfatta som «ikkje kul» av begge kjønn, medan gutar som «aldri bruker kondom» vart oppfatta som populær og ein som ligg rundt.

Jenter oppfatta andre jenter som kul, både dersom dei valte å bruka kondom og valte å la vere. På motsett side svara gutane at ei jente som alltid brukte kondom ikkje var kul, medan dei som aldri brukte kondom var «litt mykje».