Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge jenter har ikkje nok kunnskap om dei forskjellige prevensjonsmidla dei kan bruke, og korleis ein kan bruke dei.

Fleire forhøyrer seg med eldre familiemedlem og snakker med venninner. På denne måten går mytar og misforståringar i arv i generasjonar, forklara helsesjukepleiar hos Sex og Samfunn Mariann Olsvik til Framtida.no.

Her er nokre av mytane:

1. Kroppen trenger av og til pausar frå hormonell prevensjon

Mange trur at det er lurt å ta pausar frå hormonell prevensjon, for å sjekke at kroppen fungerer som normalt. Dette er løgn, for det som er lurt er å ikkje ta pausar. Kvifor? Jo, fordi biverknadane er som regel kraftigast dei fyrste månadane ein går på eit prevensjonsmiddel. Dermed blir det auka risiko for også dei farlege, og sjeldnare, biverknadane som blodpropp om ein tek pausar ved at ein stadig går igjennom dei fyrste månadane igjen.

Ikkje kast pillane sjølv om sivilstatusen din har endra seg. Foto: Simone van der Koelen, Unsplash

Så om du nyleg kasta p-pillane dine i boset (slik som nokon gjorde for ei stund tilbake sidan) fordi du no er singel og fri, burde du plukke dei opp igjen for ditt eige beste. Ja, det er kjipt. Men mykje betre enn å gå igjennom dei fyrste månadane igjen.

2. Det er farleg å hoppe over mensen

Nyare forsking viser at det faktisk er betre å hoppe over blødingane ein eller to gongar. Så du kan hoppe over mensen med god samvit!

3. Det er vanleg å få blodpropp om ein bruker p-piller

Vanleg er det ikkje, men risikoen aukar om ein bruker prevensjon som inneheld hormonet østrogen. Dette er for eksempel p-ring, p-plaster og p-piller.

4. Ein legg på seg av p-piller

Myte! Omfattande studiar viser at om ein legg på seg av p-piller er vektaukinga svært liten. Dei vanlegaste biverknadane av p-piller er hovudverk, ømme bryst, tørrhet i skjeden, økt utflod, kvalme, humørsvingingar, depresjon, kviser og mindre sexlyst. Og desse igjen går som regel over etter dei tre fyrste månadane. P-sprøyter derimot er ofte forbunde med vektauke.

5. Om ein går på hormonell prevensjon treng ein ikkje å bruke kondom

Hormonell prevensjon er fint det, men kva med kjønnssjukdommane? Sjølv om du er beskytta frå graviditet med p-pillar, p-stav, spiral, osv., beskyttar ikkje desse deg frå klamydia, gonoré, herpes, syfilis, og andre greier du ikkje ønskjer der nede.

Les meir om kor flinke nordmenn er på å bruke kondom her.

Om du er i eit fast forhold, og begge har sjekka seg for kjønnssjukdommar, kan det likevel vere lurt å bruke kondom av og til. For eksempel om ein har gløymt pilla, har kasta opp, hatt diare eller at prevensjonen ein brukar på ein eller anna måte ikkje fungerer optimalt.

Kva er kulast, klamma eller kondom? Foto: Charles, Unsplash

6. Ein kan ikkje bruke spiral utan å ha født

Dette stemmer ikkje. Bruk det prevensjonsmiddelet som passar best for deg, til og med om det er ein spiral og du ikkje har født.

7. Spiralen kan forsvinne

Spiralen er laga av plast eller koppar, og blir plassert i livmora. Livmora er eit lukka organ, altså ein kjem seg ikkje vidare inn i kroppen frå livmora. Så kvar skulle spiralen ta vegen? Om den kjem ut same vegen den kom inn vil du merke det. Med andre ord, spiralen kan ikkje forsvinne.

Livmora er ikkje botnlaus, så ting og tang kan ikkje forsvinne i ho. Foto: Charles, Unsplash

8. Kondom er guten sitt ansvar

Alle partane som er med er like ansvarlege for å utføre «safe sex», både jenter og gutar.

9. Angrepillen kan berre brukast ein gong

Dette stemmer ikkje. Ein kan bruke angrepiller meir enn ein gong, men helst ikkje innanfor same menstruasjonssyklus. Så ikkje bruk angrepilla som prevensjon, men som ei nødløysing for eksempel om kondomet glir av eller sprekk.

10. Ein kan miste fruktbarheita av p-sprøyte

Neida, ein gjer ikkje det. Men syklusen og fruktbarheita kan vere påverka i eitt år i etterkant.

11. Alle kondom er like

På kva måte hadde det vore forsvarleg? Der finnast forskjellige storleikar og tjukkleikar, slik som med så mykje anna.

Nokon er lange. Foto: Charles, Unsplash

Nokon er korte. Foto: Charles, Unsplash

12. Naturleg prevensjon er like sikkert som anna prevensjon

Naturleg prevensjon går ut på å enten følgje med på kalenderen og rekne ut kva dagar ein er minst fruktbar, studere tjukkleiken på utfloda eller måle temperaturen sin om morgonen. Alle desse metodane er veldig usikre, og blir anbefalt som prevensjonsmiddel for dei som ønskjer seg barn.

13. Ein blir ikkje gravid om ein går på do eller dusjar rett etter sex

Litt vatn eller ein dotur hindrar ikkje sædceller som allereie er på vei opp livmora.

14. Ein blir ikkje gravid om ein «hoppar av i svingen»

Sjølv om ein tenåringsgut sa dette ein gong på ungdomsskulen stemmer ikkje dette. For det fyrste kan det kome litt sæd før guten ejakulerer, også kjent som «precum». For det andre må guten vere veldig oppmerksam for å trekke seg ut i tide. Og for det tredje krevjast det mykje viljestyrke av guten å kome seg ut rett før han får orgasme.

Der er “cum” i “precum” også. Foto: Scott Sanker, Unsplash

15. Sæden kjem seg ikkje opp gjennom livmora om ein har sex i stillingar der ein står, eller jenta er på toppen

Sæden kjem seg opp den, uavhengig av kva sexstillingar ein tek i bruk. Folk har visst veldig stor tru på tyngdekrafta, også når den ikkje har noko å seie. Når mannen får utløysning vil sædcellene vere godt oppe i livmora, og starte å leite etter eggceller.

Ken kan befrukte Barbie sjølv om ho er på toppen. Foto: Colourbox

Kjelder: Sex og samfunn, Apotek 1, Helsenett, Norsk Helseinformatikk, Lommelegen.

Resultat:  

Vurdering: