I Oslo vil halvparten kutte forbruket av raudt kjøt
Halvparten av innbyggjarane i hovudstaden vil ete mindre raudt kjøt i 2020, viser ei undersøking frå Nationen. Det er tre gonger så mange som på landsbygda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Spørsmålet som vart stilt av Sentio på vegner av avisa, var: «Verdens helseorganisasjon advarer mot å spise for mye rødt kjøtt. Planlegger du å redusere inntaket av rødt kjøtt i 2020?».
I Oslo svarte 50 prosent av dei spurde at dei ønskte å kutte inntaket. På landsbygda var det 16 prosent som svarte det same.
Har du tenkt å redusere inntaket av raudt kjøt i 2020?
Har du tenkt å redusere inntaket av raudt kjøt i 2020?
Då avisa stilte same spørsmål i 2018 svarte 41 prosent av Oslo-folk at dei ville kutte raudt kjøt, medan resultatet var 21 prosent på landsbygda.
Det har dermed vore ein auke i talet på personar i Oslo som ønskjer å kutte i forbruket av raudt kjøt, skriv Nationen.
Undersøkinga vart gjennomført blant eit representativt utval på 1.000 personar over 18 år i perioden 3.–7. desember.
- Les også om rapporten som seier at fleksitarianar-kosthald er nøkkelen til klimakutt: Ved moderate kjøtkutt vil vinninga gå opp i spinninga