Ein skulle tru det var så enkelt som å slå opp i skrivereglane, men språkråda på kvar side av grensa har landa på vidt ulike tilrådingar.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 20.02.2020 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det norske språket har alltid måtte leva med innslag av framandord, og den jamne straumen av utanlandske nyord har blitt kontra med omlag like mange norske erstatningar.

Somme har slått an, slik som emneknagg (hashtag), andre har ikkje heilt fått suksessen dei fortener, slik som motemolo (catwalk).

No har også norsk næringsliv auga retta utover. I takt med at private selskap ikkje berre skal finna sitt «why», men òg sitt «purpose», har språket blitt underordna ønsket om lønnsemd og internasjonal appell – ein slags kittmasse for private aktørar å gjera med som dei vil, som nettbutikken Outdoorexperten ber vitne om.

Kva lyt ein så gjera i møte med så flagrante brot på skrivereglane som Kongsberg Gruppen, NextGenTel, OsloMet og Kon-Tiki Museet, eller utanlandske merkenavn som iPhone?

Fritt spelerom for private

– Det stemmer at det etter dei norske rettskrivingsreglane i eit særnamn berre er stor forbokstav, dei andre bokstavane skal vera små, fortel Daniel Gusgre Ims, seksjonssjef i Språkrådet.

Daniel Gusfre Ims er seksjonssjef i Språkrådets seksjon for språkrøkt og språkrådgiving. Foto: Moment Studio.

Men det er berre er staten som pliktar å følgja rettskrivinga.

Når namn som Bane NOR og OsloMet likevel dukkar opp i det offentlege, skuldast det at regjeringa har tillate brot på den offisielle språkpolitikken.

I det private er det fritt fram.

– Det gjer at private sjølvsagt kan bruka skrivemåtar vi ikkje finn i rettskrivinga, til dømes ei dialektform, og det er uproblematisk. Når private derimot òg vel skrivemåtar som bryt med dei overordna reglane for bruken av store og små bokstavar eller for ordsamansetjing og særskriving, er det klart uheldig, understrekar Ims.

Rådet vårt er at ein prøver å følgja den valde skrivemåten.

Det forklarar kvifor desse uvanlege særnamna finst. Men skal presse og privatpersonar retta seg etter alle desse eksentriske avvika frå reglane? Er det ikkje tvert om næringslivet som bør halda seg til skrivereglane?

– Rådet vårt er at ein prøver å følgja den valde skrivemåten. Men det er ikkje alle som gir det same rådet. Det svenske Språkrådet rår faktisk til normalisering av skrivemåten, altså slik at til dømes iPhone blir Iphone. Ein del avisredaksjonar i Noreg vel òg ei slik løysing med normalisering, utdjupar Ims.

Ein noko overraskande konklusjon for dei som ser Språkrådet som litt pedantiske bokstavtrælar. Men Språkrådet verkar her å stri litt med eigne prinsipp.

Ikkje berre enkelt

– Det er ein viss konflikt her, for vi oppmodar òg private til å følgja rettskrivinga, vedgår Ims.

På nettstaden sin tilrår dessutan Språkrådet å erstatta ord som Kongsberg Gruppen og NorgesGruppen med «Kongsberggruppen» og «Norgesgruppen» – såkalla normalisering.

Språkrådet har med jamne mellomrom vurdert om ein skal ta opp praksisen til svenskane og tilrå normalisering, fortel Ims.

— Men vi har sett det som problematisk å gje andre råd enn å følgja det som private har vedtatt. 

Det heng saman med at Språkrådet skal gje råd til offentleg rettskriving. Private aktørar fell såleis ikkje innanfor ansvarsområdet.

– Og når ein først begynner med normalisering, blir spørsmålet: Korleis skal vi normalisera? Godtar vi tal inni ord? Skal NorgesGruppen skrivast med bindestrek eller i éitt ord? Vi har vald å ikkje gå inn i det, forklarar Ims.

Ulik praksis i pressa

Også blant norske medium er det delte meiningar. I fjor gav NRK opp og begynte med å skriva iPhone i tråd med Apple sin skrivemåte. Aftenposten har derimot gått andre vegen, og har frå 2015 av konsekvent følgd norsk rettskriving, til liks med Morgenbladet.

Vi har sett det som problematisk å gje andre råd enn å følgja det som private har vedtatt.

VG ser ut til å konsekvent følgja næringslivets føreslåtte stavemåte, og har tilsynelatande selskap av NTB og Dagbladet.

Også Kongsberg Gruppen, NextGenTel og OsloMet ser det ut til at både VG, Dagbladet og Aftenposten – ja, sjølv Dag og Tid – langt på veg aksepterer.

Bane Nor blir skrive på ei rad ulike måtar. Som vel er ganske symptomatisk for utviklinga.

– Med ein gong ein vel skrivemåte som strir med rettskrivinga oppstår ei rekke ulike skrivemåtar, avsluttar seksjonssjef Daniel Ims.

Ein av elevane som streika for klima fredag 24. mai. Foto: Mateo Jimenez Tilrem