Vil ha fleire sjukepleiarstudentar i kommunane

Når stadig meir av helsetenestene vert flytta ut i kommunane, må også praksisplassane følgje etter. Derfor skal regjeringa bruke 30 millionar kroner på pilotprosjekt for å få fleire og betre praksisplassar for sjukepleiarstudentar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). Foto: Marte Garmann/Stortinget

– Mange av dagens studentar skal jobbe i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Då er det viktig at fleire studentar får god og relevant praksis i kommunane. Det er ein føresetnad for at helsetenesta i heile landet skal få kvalifisert personell med riktig kompetanse.

Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Større kommuneansvar

Fleire av oppgåvene til spesialisthelsetenesta er no flytta ut i kommunane. Kommunane har også fått eit større ansvar for førebygging, behandling og oppfølging av pasientane. Dette har ført til auka etterspurnad etter praksisplassar og rettleiing av studentar.

No kan universitet og høgskular søkje om til saman 30 millionar kroner til å utvikle og prøve ut nye måtar å organisere samarbeidet om praksisstudium i sjukepleiarutdanningane på. Målet er nye lærings- og vurderingsformer, fleire praksisplassar i by- og distriktskommunar og å betre kompetansen til praksisrettleiarar i kommunane.

At ingen dagar er like, gjer yrket enda meir spanande, og utfordrande, tykkjer sjukepleiar Ragnhild Prestbø (24). Foto: Privat