Mannlege studentar skal vise at gutar kan verte lærarar
Regjeringa vil bruke 10 millionar kroner på tiltak for å rekruttere menn til lærarutdanningane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre éin av fire lærarar i grunnskulen er menn. I 2019 utgjorde menn berre 19,8 prosent av søkjarane som fekk plass ved lærarutdanninga til grunnskulen.
No tek regjeringa grep for å auke rekrutteringa:
– Vi treng fleire mannlege lærarar. Det er eit mål at lærarstaben skal spegle eit tverrsnitt av befolkninga. Også dei yngste elevane bør få møte både kvinner og menn i rolla som lærar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.
Forskarar ved Oslomet har, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, sett på kva som skal til for å endre den skeive kjønnsbalansen.
Kjønnsstereotypiar frå barndomen
Den nye rapporten syner at ein viktig faktor for at menn vel læraryrket, er tidleg erfaring med å jobbe med barn.
Framleis får fleire jenter enn gutar denne erfaringa, og ifølgje rapporten utviklar barn tidleg kjønnsstereotypiske oppfatningar av kva yrke menn og kvinner passar til.
Samstundes peikar rapporten på at støtte frå foreldre og vennar i yrkesvalet, eigne positive erfaringar frå skule og lærarar, samt eit ynskje om å utgjere ein forskjell for barn og unge kan spele ei viktig rolle.
Rollemodellar som bryt med forventingane
Forskningsrapporten anbefalar to tiltakspakkar for å få fleire menn inn i læraryrket. Dei går begge ut på å få synt fram at yrket passar like godt til menn som til kvinner.
Det eine tiltaket vil sørgje for at også gutane får erfaring med barn tidleg – anten det er gjennom å følgje ein lærar ein dag, eller ved at ungdomsskuleelevar får prøve å arbeide i ein barnehage.
Det andre tiltakspakken inneber at unge får møte rollemodellar som har gjort kjønnsutypiske yrkesval, og såleis bryte ned stereotypiane som kan utvikle seg.
Kunnskapsdepartementet skal samarbeide med Utdanningsforbundet, Pedagogstudentane, KS og lærarutdanningane om nettopp dette:
– No skal vi jobbe saman med organisasjonane for å utvikle ei nasjonal kampanje der mannlege lærarstudentar og unge mannlege lærarar besøkjer ungdom i heile landet, seier Nybø.
Det er sett av 10 millionar kroner for å få menn inn i yrket, og halve summen er knytt til tiltak føreslegne i rapporten.
- Les også intervjuet med helsesjukepleiarane bak podkasten Helsebrødre som ikke er brødre: – Hadde det heitt helsesøster så hadde eg søkt for det.