Slik skal norske universitet og høgskular konkurrere om å verte grønnast
Kva utdanningsinstitusjon er best på å kutte flyreiser og raudt kjøt?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Universiteta og høgskulane veit mest om miljø- og klimaendringane og korleis vi skal nedkjempe dei. Då må vi leve som vi lærer, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.
Ministeren dreg difor i gong ein konkurranse mellom norske universitet og høgskular: Kven klarar vere grønast?
Grønt, gult eller raudt kort?
Utdanningsinstitusjonane skal måle og rapportere inn etter åtte ulike kategoriar, som føreslått av ein rapport Kunnskapsdepartementet har bestilt.
- Reiser: Flyreiser og reiser til og frå arbeid og studier – di færre flyreiser, di betre! Brukar dei tilsette kollektivtransport til jobb?
- Avfall: Kor mykje avfall produserer institusjonen? Både frå dagleg drift og byggeprosjekt.
- Innkjøp og anskaffing: Har institusjonen tiltak for å redusere forbruk? Kva vurderingar vert gjort når ein kjøper IT-utstyr, møbler, papir og anna materiell?
- Mat og servering: Kor mykje raudt kjøt vert kjøpt, og kor mykje mat kasta? Kutt i matsvinnet, og erstatt animalske produkt med planteprodukt, tilrår rapporten.
- Vassforbruk: Kor mykje vatn brukar institusjonen eigentleg?
- Bygg- og materialbruk
- Energibruk: Kor mykje energi vert brukt, og kan institusjonen produsere noko av det sjølv?
- Økologi: Kor mykje insektsveneleg grøntområde er det på campus?
Universiteta og høgskulane får så grønt, gult eller raudt kort innanfor dei ulike kategoriane, alt etter kor miljøvenleg dei driv.
– Målet er å vise fram sektoren sitt miljø- og klimaavtrykk og få fart på omstillinga, seier Nybø.
Stort potensial
Konkurransen vert sparka i gang på nyåret, og endå det er frivillig å delta, så håpar Nybø universiteta og høgskulane bit på agnet.
Ministeren poengterer at sektoren for høgare utdanning er utruleg stor, og at potensialet difor er tilsvarande:
– Klimatiltak her vil ha stor effekt og betydning.
- Har du lagt merke til Finn.no sitt nye reisefilter? No kan du sortere reiser etter CO2-utslepp. – Grønvasking, seier forskar.