Fast nynorskklasse i Bergen
Bergen kommune vil gi eit fast tilbod om nynorskklasse på ein sentrumsskule dersom det er interesse for det.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noregs Mållag håpar det er eit grep som vil gjere det lettare å få til nynorskklasse for dei foreldra som har ønskt det for ungane sine, og ikkje fått det til.
– Det er offensivt av kommunen å prøve seg på dette no, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn i ei pressemelding.
Han synest også det er fleire andre positive tiltak som vil gje nynorsk betre vilkår i skulen.
– Frå tredje trinn skal alle elevar få ei systematisk opplæring i både nynorsk og bokmål, og i heile Bergen kommune skal det leggjast til rette for nynorske parallellklassar dersom foreldra til minst 10 elevar ønsker det. I Arna vil byrådet ta tak for å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål.
Det er i byrådserklæringa at desse tiltaka er lista opp.
- Les også saka om at Bergen har størst nedgang i talet på nynorskelevar: – Det er ikkje rart at talet går ned når ein legg ned nynorske skular
Nynorskvennleg byråd
– Med den nye plattforma viser det nye byrådet i Bergen og leiar Roger Valhammer at dei er minst like nynorskvennlege som førre byråd, seier Magne Aasbrenn.
I byrådsplattforma heiter det at Bergen er hovudstaden på Vestlandet og at nynorsk er ein sentral del av den regionale identiteten. Summen av tiltaka som no er varsla, gjer at denne plattforma må karakteriserast som banebrytande og historisk, meiner mållagsleiaren.
- Les også om samiske Nell Mathea (15) som går på kurs for å lære nordsamisk: – Eg har lyst å kunne samisk fordi oldemora mi kunne det. Og så fekk ho jo ikkje læra det vidare