Usikker bustadjakt før studiestart: – Eg turte ikkje å takke ja til studieplassen

Rundt 4.900 studentar står på venteliste til studentbustad i Bergen. Samtidig må fleire ta store val om bustad før dei veit kvar dei skal studere. For Sofia Kalseth (19) og Simen Olsen Brevik (21) har uvissa gjort sommaren før studiestart ekstra stressande.

Madelen Kloster
Publisert

No står rundt 4.900 på venteliste til studentbustad i Bergen – om lag 300 fleire enn på same tid i fjor, skriv styreleiar i Studentsamskipnaden på Vestlandet, Sjur Selsvik, i ein e-post til Framtida.

I fjor opna Studentsamskipnaden på Vestlandet 87 sovesalsplassar som ei mellombels løysing i Bergen. Alle plassane vart fylte opp, og fleire stod framleis i kø.

– Det er mogleg at nokon vil ha behov for sovesal også i år, men med 88 nye mellombelse studentbrakker i Møllendal håpar og trur vi at behovet blir mindre, skriv Selsvik.

Våga ikkje å takke ja til studieplassen

– Eg har faktisk ikkje turt å takke ja til studieplassen før eg visste at eg hadde ein stad å bu, skriv Sofia Kalseth (19) på sms til Framtida.

Kalseth hadde eigentleg planlagt eit friår. Men då ho fekk tilbod om studieplass på psykologi ved Universitetet i Bergen, bestemte ho seg for å studere.

– Dei fleste stadene eg såg på kosta mellom 9.000 og 12.000 kroner i månaden. Det er mykje pengar for eit rom med delt bad og kjøkken.

Andre alternativ blir tekne fort.

– Då gjeld det å vere rask, skrive ei god skildring av seg sjølv og vise tydeleg interesse når ein kontaktar utleigarar.

Sofia Kalseth (19) turte ikkje takke ja til studieplassen før ho visste at ho hadde ein stad å bu. | Foto: Privat
Simen Olsen Brevik (21) valde å behalde studentbustaden i Trondheim medan han venta på svar frå ventelistene, | Foto: Privat

Held på håpet

Simen Olsen Brevik (21) har fått studieplass på film- og TV-produksjon i Stavanger, men håpar framleis å kome inn i Bergen eller Trondheim.

– Det er skikkeleg vanskeleg å ikkje vite kvar eg skal studere til hausten.

Brevik måtte ta stilling til om han skulle seie opp studentbustaden i Trondheim før han visste om han kom inn der.

– Eg valde å ikkje seie opp bustaden, fordi eg framleis har håp om å kome inn der. Om eg ikkje kjem inn, kan det koste meg opp mot 10.000 kroner dersom ingen tek over bustaden.

Ventelister fleire stader i landet

Stress med bustad før studiestart er ikkje berre noko Sofia Kalseth og Simen Olsen Brevik har kjent på.

I Oslo stod 5.710 studentar på venteliste til studentbustad i midten av juli. I Trondheim blir ledige studentbustader lagt ut fortløpande gjennom eit bookingsystem. Likevel har Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit) berre studentbustader til om lag 16 prosent av studentane.

På si side opplyser Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg i ein e-post til Framtida at ventelistene endrar seg frå dag til dag.

– Bodskapen vår til alle som har fått studieplass og ønskjer studentbustad, er å søkje no. Vi har framleis ledige bustader på alle studiestadene våre, skriv administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg, Hans Erik Stormoen.

Leiar i NSO Eva Franko Aas Foto: Skjalg Bohmer / NSO

Leiar i Norsk studentorganisasjon, Eva Franko Aas, meiner den pressa bustadmarknaden gjer studiestarten unødvendig vanskeleg for mange.

– Når studentane må finne bustad på berre nokre veker, risikerer vi at dei blir pressa til å betale langt over det dei eigentleg har råd til, går glipp av studiestart eller i verste fall må takke nei til draumestudiet, seier ho.

Kort tid til å finne bustad

Kalseth har no funne ein stad å bu.

– Eg kjenner ikkje nokon andre som skal studere i Bergen, og mange utleigarar ønskjer å leige ut heile kollektiv til vennegjengar, sidan dei veit at dei som flyttar inn allereie kjenner kvarandre. Det gjer det vanskelegare når ein søkjer åleine, fortel Kalseth.

Hadde ho ikkje funne noko før studiestart, kunne ho heldigvis budd litt hos familievener i Bergen. Men ho understrekar at ikkje alle har den moglegheita.

– Då blir situasjonen veldig sårbar.

Kalseth meiner den korte tida mellom studieopptaket og studiestart gjer bustadjakta unødvendig stressande.

– Ein får relativt kort tid mellom studieopptaket og studiestart til å finne ein stad å bu, særleg dersom ein ikkje har vore sikker på kvar ein skulle studere. Det gjer heile prosessen vanskeleg å planlegge etter.

Brevik har derimot ikkje funne bustad i Stavanger enno.

– Å ikkje ha slikt på plass er utruleg stressande. Det krev mykje innsats å følgje med på både Hybel.no, Finn.no og ventelistene til Samordna opptak.