Noregs Mållag om språklova: – Dette lovar godt

Samstundes saknar Mållaget verkemidla som sørgjer for at lova vert følgd.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag sende regjeringa eit forslag til ny språklov ut på høyring.

– Dette lovar godt, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Noregs Mållag meiner forslaget vitnar om ei regjeringa som ser at nynorsk, som eit mindre brukt språk, treng anna vern enn bokmålet. Lovforslaget slår fast at det offentlege har eit ansvar for språka i Noreg, og pålegg dei offentlege organa å faktisk fremje nynorsk:

– Det mest spenstige og offensive tiltaket er at fylkeskommunane skal følgje dei same språkreglane som staten, seier Magne Aasbrenn.

Samstundes rosar Mållaget forslaget for å legge vekk omgrepet «målform» til fordel for «språk», noko organisasjonen har ynskt seg lenge.

Les også meiningsinnlegget til Målungdomsleiaren: I 2019 er det på tide å skrota samnorskordet målform

Sanksjonar og tenesteplikt

Det er likevel ikkje berre ros å hente frå Noregs Mållag. Leiar Aasbrenn seier han saknar gode verkemiddel i lova. Som Norsk Målungdom etterlyser også moderorganisasjonen konsekvensar dersom lova vert broten:

– Det er bra at kulturministeren opnar for ein debatt om sanksjonar, seier Aasbrenn.

Norsk Mållag er også sterkt kritisk til at det ikkje lenger skal vere ei tenesteplikt for statstilsette å meistre både nynorsk og bokmål. Det er eit krav organisasjonen meiner er naudsynt for å oppnå målet i lova om å fremje det minst brukte språket.

Les intervjuet med kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) om språklova: – Blir norsk berre eit kjøkenspråk, så mistar det status – og språk utan status blir truga